Her blir andre bruelement løfta frå elva. Foto: Kirsten McDonagh, Bane Nor
Her blir andre bruelement løfta frå elva. Foto: Kirsten McDonagh, Bane Nor

Begge bruelementa frå Randklev bru heva på land

Torsdag vart også det andre bruelementet til Randklev bru løfta på land.

Randklev bru sør for Ringebu fekk store skadar under ekstremvêret «Hans». Dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen førte til at eit av brufundamenta velta, og dermed hamna to av bruelementa i elva. Måndag 30. oktober vart det første av dei to bruelementa løfta på land, og torsdag løfta Bane Nor det andre og på land. Begge elementa veg nær 270 tonn. Løfta blir gjort ved hjelp av ein innleigd megakran som vart ferdigmontert førre veke.

Konsernsjef Thor Gjermund Eriksen ved Randklev bru. Foto: Kirsten McDonagh, Bane Nor

Konsernsjef Thor Gjermund Eriksen ved Randklev bru. Foto: Kirsten McDonagh, Bane Nor

Konsernsjef, Thor Gjermund Eriksen, var på Randklev bru torsdag for å sjå at det siste bruelementet vart løfta på land.

– Dimensjonen er enorme, og fungerer som eit bilete på kor store krefter som var i sving under ekstremvêret «Hans». Dette viser også kor sårbar norsk jernbane er når ei slik hending kan ha så store konsekvensar for trafikken, seier Eriksen til Bane Nors nettsider.

Etter at bruelementa er lagt på land, blir dei undersøkte for eventuelle skadar.

– Arbeidet vil ta tid, men me jobbar så fort me kan. Det er svært viktig for oss at person- og godstrafikken igjen kan gå utan avbrot gjennom Gudbrandsdalen, fortel Eriksen.

Tilstanden på bruelementa vil vera med på å avgjera kor fort ei permanent løysing for Randklev bru kan vera på plass.

– Viss me kan gjenbruka bruelementa vil me raskare kunna opna opp Dovrebanen for gjennomgåande trafikk enn om vi må byggja ei heilt ny bru. Gjenbruk er også den beste løysinga i eit berekraftsperspektiv, seier banedirektør Eivind Bjurstrøm i Bane Nor i meldinga.

I tillegg til nybygging eller reparasjon av bruelementa, må også det velta fundamentet erstattast.

– Det nye fundamentet får ei større grunnflate, og er betre sikra mot erosjon og undergraving. Samtidig har det også vore stor erosjon rundt det andre brufundamentet, som også skal utbetrast, skriver Bane Nor.

– Fundamentet blir bygd etter dagens tekniske krav, som naturlegvis har endra seg sidan den opphavlege brua vart bygd. Før bygging av nytt fundament kan starta, må det øydelagde fundamenta fjernast, samtidig som me tek omsyn til gjeldande miljøkrav, seier Bjurstrøm.

– Sjølv om Bane Nor no jobbar på høggir for å opna opp brua, vil dette arbeidet ta tid. Me veit førebels ikkje når det kan skje, men reknar med å kunna leggja fram ein tidsplan før jul, skriv Bane Nor.