- Ein ny gjennomgang viser at den pågåande bygginga av ny Ulriken tunnel kjem til å koste vesentleg meir enn opphavleg planlagt. Det er difor viktig at vi tar lærdom av erfaringane frå prosjektet, seier Ketil Solvik-Olsen.

Ny Ulriken tunnel sprekk med 1,1 milliardar kroner- set av meir pengar i revidert

Regjeringa foreslår å auka kostnadsramme for ny Ulriken tunnel.

- Ny Ulriken tunnel og dobbeltspor på strekninga Fløen-Bergen stasjon er naudsynt for å auke kapasiteten i togtrafikken til og frå Bergen. Ein ny gjennomgang viser at den pågåande bygginga av ny Ulriken tunnel kjem til å koste vesentleg meir enn opphavleg planlagt. Det er difor viktig at vi tar lærdom av erfaringane frå prosjektet. På den måten kan vi redusere risikoen for kostnadsauke i framtidige prosjekt, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Prosjekta Arna – Fløen (Ulriken tunnel) og Bergen – Fløen blei kvalitetssikra i 2016. I samband med kvalitetssikringa blei det gjennomført ein prosjektrevisjon. På bakgrunn av dette foreslår regjeringa ei ny, mellombels kostnadsramme for vidareføring av delprosjektet Arna – Fløen (Ulriken tunnel) på om lag 4,5 milliardar kroner. Dette gir ein auke på om lag 1,1 milliardar kroner, eller vel 33 prosent, samanlikna med den gjeldande kostnadsramma.

Delprosjektet Bergen – Fløen blei mellombels stansa i 2010 på grunn av liten kapasitet i Jernbaneverket innan signalfaget. 

- Dette delprosjektet er no eit heilt anna og langt meir omfattande prosjekt enn i 2010. Kvalitetssikrar tilrår å slå delprosjektet saman med Arna – Fløen (Ulriken tunnel), og at desse prosjekta blir sett på som eitt prosjekt (Arna-Bergen), med ei samla kostnadsramme på om lag 7,12 milliardar kroner og ei samla styringsramme på om lag 6,25 milliardar kroner, heiter det i meldinga.

Kvalitetssikrar har mellom anna tilrådd forenklingar og redusert kapasitet på Bergen stasjon, mellom anna for ikkje å auke omfanget av prosjektet. Det er samstundes viktig å sjå tilrådingane i samanheng med det framtidige samla behovet for kapasitet for tog både på Bergen stasjon og planlagt modernisering av godsterminalen på Nygårdstangen.

- Det er òg naudsynt å sjå moderniseringa av godsterminalen i samanheng med føreslått bruk av det såkalla Kronstadsporet mellom Fløen og Minde som trasé for Bybanen i Bergen. Jernbanedirektoratet, Bane NOR SF, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune er nå i dialog om å samordne desse prosjekta, som kjem til å bli gjennomførte på eit lite geografisk område i same periode, skriv departementet.

Som følgje av dette vil Samferdselsdepartementet kome tilbake til Stortinget med vidare opplegg for strekninga Bergen – Fløen etter at nærmare avklaring føreligg.