Bildet er fra utenfor Haugesund. Illustrasjonsfoto: Carina Johansen / NTB

Bildet er fra utenfor Haugesund. Illustrasjonsfoto: Carina Johansen / NTB

148 millionar kroner til havvind på norsk sokkel

148 nye millionar til havvind i statsbudsjettet skal leggje til rette for utlysing av nye havvindområde og nye undersøkingar i eksisterende område.

Det skriv Olje- og energidepartementet i ei pressemelding.

– Regjeringa har store ambisjonar for utviklinga av havvind på norsk kontinentalsokkel. Satsinga skal gi auka tilgang på fornybar kraft i Noreg, bidra til at vi kuttar utslepp og leggje til rette for at industrien får eit nytt bein å stå på. I forslaget til statsbudsjett for 2024 foreslår regjeringa derfor å styrkje dette arbeidet ytterlegare, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Midlane vil leggje til rette for førebuingar til utlysinga av nye område for havvind i 2025 og seinare, bidra til gjennomføring av nødvendige feltundersøkingar av natur og miljø i områda som er aktuelle for utlysing i 2025 og til å ferdigstille grunnundersøkingar i dei områda som allereie er lyst ut. Regjeringa foreslår også ei styrking av energimyndigheitene og auka løyving til kompetansemiljø for havvind.

Den vidare havvindsatsinga føreset tilgang på areal. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) leia ei direktoratsgruppe som tidlegare i år leverte forslag til 20 område som kan eigne seg for havvind. Olje- og energidepartementet har bede NVE om å gjennomføre strategisk konsekvensutgreiing av områda Vestavind B, Vestavind F og Sørvest F med sikte på eventuell utlysing i 2025. NVE vil også gjennomføre strategisk konsekvensutgreiing av dei andre områda som er aktuelle for utlysing framover mot 2040.

I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa ei plan for naturkartlegging i områda som er aktuelle for havvindutlysing i 2025. Dette skal leggje til rette for betre kunnskap om effekten havvind har på naturmangfald og miljø.

Regjeringa foreslår å løyve totalt 118 millionar kroner til natur- og miljøkartlegging og førebuing av havvindutlysinga i 2025. Midlane vil mellom anna gå til strategisk konsekvensutgreiing og feltundersøkingar.

– Dersom vi skal lykkast med havvindsatsinga, er det viktig å leggje til rette for god sameksistens og god varetaking av miljø og andre viktige omsyn. Eit godt kunnskapsgrunnlag er då avgjerande og med forslag til statsbudsjett legg regjeringa til rette for ei heilskapleg kartlegging av naturmangfald og miljø i områda som er aktuelle for havvindutlysing i 2025, seier Aasland.

Regjeringa foreslår vidare å løyve 20 millionar kroner til å ferdigstille grunnundersøkingane for den delen av havvindområdet Utsira Nord som er lyst ut.

I tillegg blir det foreslått 10 millionar kroner for å styrkje kompetansemiljøet for havvind. Dette skal bidra til kapasitets- og kunnskapsoppbygging, kompetanseoverføring og formidling for industriutvikling, og dessutan tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling innanfor havvind.

Regjeringa foreslår også å auke løyvingane til energimyndigheitene med totalt 140 millionar kroner. 45 millionar kroner av dette går til arbeid med havvind.