Nytt sentralbygg opnar dørene

Det nye sentralbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane blir offisielt opna måndag kl. 11.

Høgskulebygget

Sted: Sogndal

Prosjekttype/bruk: Nybygg

Budsjettramme:
320 millioner kroner

Bruttoareal: 7.605 kvm

Byggherre: Statsbygg

Bruker: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Prosjekteringsledelse og byggeledelse: Sogn Byggconsult

Prosjekteringskoordinator:
CA Suphammer

Teknisk byggeledelse: Prosess-Elektro (Elektro) og Fasit (VVS)

Arkitekt: Arkitektgruppen lille frøen

Landskapsarkitekt:
Bjørbekk & Lindheim

Hovedentreprenør: Kleiven Sogn

Rådgivere: RIB: Høyer Finseth - RIV: Ingenia - RIE: ÅF-Consult - RIAku: Norconsult - RIGeo og RIBr: Multiconsult

 

Sentralbygget, som har fått namnet Høgskulebygget, skal vere eit bindeledd mellom dei andre høgskolebygningene på Fosshaugane campus.

Høgskulebygget huser blant anna auditorium, grupperom, fellesadministrasjon, bibliotek, kantine og bokhandel og har eit samla areal på 7605 kvadratmeter.

Tomta er svært bratt, med ein høgdeforskjell på 25 meter. Bygget skjer seg inn i skråninga, med inngang på bakkeplan i første og femte etasje. Grunnarbeida har derfor vore utfordrande. Sjølve bygginga starta i august 2010, og det nye sentralbygget blei tatt i bruk i august 2012.

I nøkkelseremonien stiller administrerande direktør i Statsbygg, Øivind Christoffersen, lokala til disposisjon for Kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som overleverer lokala til Høgskulen i Sogn og Fjordane ved rektor Åse Løkeland.

Statsbygg fekk oppdraget av Kunnskapsdepartementet (den gong Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet) i 2001. Arkitektar: ARKITEKTGRUPPEN lille frøen as. Kostnadsramma er 384 millionar kroner. Statsbygg har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av bygningen.

Les mer om prosjektet her