Høgskole med inspirasjon for læring

Statsbygg er i full gang med å byggje nytt høgskolebygg på Kronstad i Bergen. Grunnarbeida er nesten ferdige, og anlegget på 51 000 kvadratmeter er i ferd med å ta form.

Skolen skal ta imot studentar frå ingeniørutdanninga, lærarutdanninga og frå helse- og sosialfaga. 5000 studentar og tilsette vil ha arbeidsplassen sin her frå hausten 2014, skriver Statsbygg på sine nettsider.

Stort volum, stor utsikt

Høgskolen er det største offentlege anlegget som er bygd i Bergen på mange tiår, og det utgjer òg det største byggjevolumet for Statsbygg på mange år. Og no er det høgaste punktet på nybygget nådd.

– Vi nådde toppen til planlagt tid, fortel prosjektsjef Arne Solberg i Statsbygg.

– Så langt følgjer vi planane både med omsyn til framdrift og kostnad. Det er vi godt fornøgde med.
 
Og frå toppen av høghuset får ein ei flott oversikt over byen og byggjeplassen. Der ligg dei fire gamle verkstadhallane på rekkje og rad, og der er nybygget som slyngjer seg mellom og rundt dei, og som reiser seg som eit tårn mot plassen framfor inngangspartiet.

Tre formspråk

Nybygget har to ulike formspråk: eitt for dei felles undervisningsareala som ligg på plan 1 og 2, og eitt for spesialromma som ligg på plan 3 og 4. 
I plan 1 og 2 ligg fellesfunksjonane – auditoria og seminarromma – bak teglfasadar, og studentarbeidsplassane ligg bak glasfasadar.

I plan 3 og 4 ligg spesialromma tilbaketrekte inne i ei ramme. Denne ramma har ein fasade kledd med fleire tusen kvadratmeter med aluminiumsplater, med eit mønster laga av tekstilkunstnaren Anne Gry Løland. Platene er gjennomhòla, og dette dannar eit mønster som vil endre seg ved skiftande lysforhold. Langs den indre fasaden ligg vindauga tett i tett. Mellom dei vil lyse aluminiumskassettar med solavskjerming veksle med mørkare striper av eloksert aluminium.
 
Det tredje formspråket ligg i dei hundreårgamle bygga frå jernbanetida på Kronstad. Desse vil bli rehabiliterte og framstå slik dei var før den siste oppussinga på 70-talet. Dei fire gamle verkstadhallane skal bli studenthus, kantine, bibliotek og idrettsbygg. 

Materialval og fargebruk

Ifølgje ein av arkitektane, Gudrun Molden hos HLM arkitektur as og Plan AS, er tanken at gamle og nye teglvolum skal spele saman, og at resten av areala blir eksponerte mot omgivnadene gjennom store glasfelt.

Planen er at dekket på plassen framfor høghuset, som foreløpig har fått namnet Solheims plass, skal ha same fargevaløren som golvet i plan 1. Slik er det eit ønske at inne- og utemiljøet skal opplevast som ein heilskap – eit stort offentleg rom.

Materialbruken og fargane innvendig rettar seg òg etter hovudinndelinga i bygga. Ved å sjå på fargar og materiale skal ein vite kvar ein er: i fellesområda eller i spesialromma.
 
Slik skal skolen sitt uttrykk gi inspirerande omgivnader for læring.

Les mer om prosjektet her