Fanger opp ujevnheter

– Meir forsking og utvikling kan betre drift og vedlikehald av vegnettet, seier leiaren av Vegvesenets FoU-program KDV (Kompetanseutvikling drift- og vedlikehald).

– Etter at Vegvesenet gav frå seg utførarrollen, har forskings- og utviklingsdelen av drift og vedlikehald nesten forsvunne, seier Øystein Larsen til etatsavisen Vegen og vi. Han leier FoU-programmet som skal vidareutvikle kompetansen i heile drift- og vedlikehaldsbransjen.

Undersøker varmekamera

Ein av metodane KDV-prosjektet undersøker sjølv, er bruk av varmekamera under asfaltering.

– No tenker jo vi først og fremst på å undersøke verdien av dette i opplæring, men bruk av varmekamera kan også gi betre veg meir direkte. I Sverige har dei allereie varmekamera på maskinene som legg ut asfalt, slik at dei raskt kan oppdage feil. Her er dette kontraktfesta frå myndigheitene si side.

– Store temperaturforskjellar i asfalten ved utlegging kan føre til ulik kvalitet på asfaltdekket, og spesielt kalde områder kan vise seg å sprekke opp før dei varme områda. Om ein kan oppdage slike forskjellar allereie under asfalteringa kan det være mogleg å rette opp i veike område i dekket der og då, slik at vi får ei jamnare levetid på heile vegen, og slepp å få eit lappeteppe allereie etter få år, seir Larsen til Vegen og vi.

Også i drift

– Vi undersøker også om varmekamera kan brukast for å avsløre forhold som verkar inn på vinterdrifta av vegane. Her tenker vi for eksempel på variasjonar i vegflatetemperaturar på grunn av forskjellig materialbruk eller underliggande element som isolasjon, samt kjøremønster, bruk av salt og så vidare. På sikt kan dette brukast i vidare forsking og undervisning av dei som skal holde vegane framkomelege og sikre vinterstid, seier Larsen.

Les mer om KDV-prosjektet her.