Dagleg leiar

Sund Vatn og Avlaup AS starta opp i 1998 og er eigar av dei offentlege VA-anlegga i Sund kommune. Sund VA har ansvar for drift og vidare utbygging av leidningsnett og anlegg. Selskapet har sjølvstendig organisering og økonomien er solid. Sund kommune som eigar har fokus på langsiktig prioritering i hovudplanar, årlege gebyrvedtak og muligheiter for samordna utbygging av infrastruktur i kommunen. Styret har fem medlemmar, med variert bakgrunn frå næringsliv. Selskapet har sju tilsette. Våre kontor er i Midtstegen industriområde, sentralt i Sund kommune.

FirmaMercuri Urval for Sund Vatn og Avlaup
FylkeHordaland
StedSkogsvåg i Sund
Søknadsfristsnarast

Vår daglege leiar har valt å søkje nye utfordringar, og vi søkjer derfor hans etterfølgjar. Bransjen opplever strengare krav frå myndigheiter og større forventningar frå publikum. Selskapet har eit godt fundament i form av gode og veldrivne anlegg, i stor grad av nyare dato. Samstundes står ein overfor fortsatt utviding av leidningsnett, rehabilitering av eldre leidningar og etablering av andre VA-anlegg.

Som Dagleg leiar i Sund VA AS har du eit overordna ansvar for vidareutvikling og drift av eit solid selskap i ein samfunnsnyttig bransje. Selskapet har i stor grad lukkast med å få gjennomført samordna utbygging av VA-anlegg, veg, sykkelveg og anna infrastruktur gjennom utradisjonell organisering og godt samarbeid med Sund kommune og andre aktørar. Du vil væra sentral i å utvikle og følje opp prosjekt frå start til ferdig utbygging.

Vi søker deg som har relevant høgare utdanning og leiarerfaring. Det er ønskeleg at du har forståing for krav og risiko knytt til vatn som næringsmiddel. Din gode måte å kommunisere på gjer at du vidarefører våre gode relasjonar til kundar, eigar, myndigheiter og andre samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr varierte, sjølvstendige og spanande arbeidsoppgåver i eit utvikllingsorientert selskap. Du vil jobbe tett saman med dine dyktige medarbeidarar og ha gode mogelegheiter for eigen utvikling.

Konkurransedyktige løns-og arbeidsvilkår.

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Mercuri Urval ved Gro Reinertsen, tlf 975 59 058, eller styreleiar Bjørn Ove Børnes, tlf 91 81 27 80. Du kan vise interesse for stillinga ved å laste opp din CV og søknad snarast. Alle førespurnader til Mercuri Urval handsamast konfidensielt, om ynskjeleg og for oppdragsgjevar.

Søk her