Kart som viser den aktuelle strekninga. Ill. Statens vegvesen

Kart som viser den aktuelle strekninga. Ill. Statens vegvesen

Vil skape attraktive kontraktar på fellesprosjektet Arna-Stanghelle

– E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle er eit stort og viktig prosjekt og derfor ønskjer vi å skape attraktive kontraktar og komme tidleg på banen, seier prosjektsjef Katrine S. Erstad i en pressemelding.

Statens vegvesen og Bane Nor ønsker derfor å invitere til ein marknadsdialog for fellesprosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle. Interesserte entreprenørar og rådgjevarar vert invitert til å gi sine innspel til foreslått konktraktstrategi i éin‐til‐éin samtalar med prosjektleiinga.

– I møta vil vi også opplyse om sentrale element ved prosjektet og plan for kva som kjem framover. Eg er opptatt av å involvere dei som er interesserte tidleg, og å løfte frem moglegheitene som finnast for å kome med idear rundt kontraktstrategien. Vi ønskjer jo at denne skal bli best mogleg, legg Erstad til.

Prosjektet planleggar byggestart i 2024 og både føreseielegheit og jevnleg dialog med marknaden meiner Erstad blir sentralt framover.

Prosjektet ser for seg at første hovudentreprise lysast ut i 2024/25. Prosjektet vil kunne kome med datoar for fleire entreprisar når det har motteke ein investeringsavgjerd.