Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Foto: Emilie Holtet / NTB

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Foto: Emilie Holtet / NTB

Emilie Holtet / NTB

Vil gjere det enklare å finne læreplass

Tenesta «finn lærebedrift» skal gjere det enklare for elevar og bedrifter å finne kvarandre. Tenesta skal gi ei oversikt over alle ledige læreplassar i heile Noreg, og er no lansert.

– Det er eit stort behov for fagarbeidarar i heile landet og mange bedrifter ønskjer lærlingar. Det har aldri vore fleire godkjende lærebedrifter, samtidig som det kvart år står rundt 6.000 kvalifiserte søkjarar utan læreplass, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Behovet for fagarbeidarar vil berre forsterke seg i åra som kjem og vi jobbar med ulike tiltak for å få fleire til å fullføra fagutdanning. Vi veit at læreplass er ein viktig faktor for å få fleire til å fullføre, men det har ikkje vore lett nok for elevar og bedrifter å finne kvarandre, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i meldinga.

I meldinga blir det vist til at regjeringa satsar på yrkesfag og styrkjer arbeidet med å sikre læreplass til alle som ønskjer å ta fag- eller sveinebrev. I forslaget til statsbudsjett for 2024 foreslår regjeringa å styrkje ordninga til totalt 485 millionar kroner.

– Me ser allereie at regjeringas prioritering av yrkesfag gir resultat. Over halvparten av alle som byrjar på vidaregåande skule vel yrkesfag. Men dessverre er det berre om lag halvparten som fullførar med fag- eller sveinebrev. Derfor handlar det ikkje lenger berre om å få folk til å søkje yrkesfag. Vi må klare å halde på dei ungdomane som er motiverte til å bli fagarbeidarar, seier Nordtun vidare.

Frå hausten 2024 blir det òg innført ein rett til å ta eit nytt fagbrev sjølv om ein har eitt frå før, eller ein har fullført studiekompetanse. Då kan enda fleire bestå yrkesfag, uavhengig av alder og livssituasjon.

Samtidig blir tenesta «Yrkesfaghandboka» lansert på utdanning.no. Her kan elevar og lærlingar få tips og informasjon om alt frå å vere arbeidstakar til jobbintervju, tilpassa yrkesfagelevar.