Jernbaneprosjektet i Moss har hatt store utfordringer. Foto: Øystein Stavdal Paulsen, Bane Nor

Jernbaneprosjektet i Moss har hatt store utfordringer. Foto: Øystein Stavdal Paulsen, Bane Nor

Vil bruke ein tredel av samferdselsbudsjettet på jernbane

– Regjeringa foreslår å bruke om lag ein tredel av samferdselsbudsjettet på jernbane. Full framdrift i alle pågåande utbyggingsprosjekt, vedlikehald etter ekstremvêret «Hans» og betre rutetilbod er blant dei viktigaste prioriteringane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Artikkelen blir oppdatert.

Regjeringa foreslår å løyve 32,3 milliarder kroner til jernbaneformål i 2024. Dette er ein auke på 2,7 prosent frå saldert budsjett 2023, men prisveksten gjer at budsjettforslaget i realiteten er ein liten nedgang.

– Regjeringa legg opp til eit ansvarleg og realistisk budsjett. Det er eit høgt aktivitetsnivå i jernbanesektoren, og vi prioriterer derfor å halde fram med full framdrift i alle dei store, pågåande utbyggingsprosjekta. Dette er prosjekt som vil gi ein meir påliteleg og føreseieleg jernbanekvardag for både passasjerar og næringsliv, seier samferdselsministeren i ei pressemelding.

Til investeringar på jernbanenettet foreslår regjeringa å løyve 17,4 milliardar kroner. Store beløp er sette av til dei pågåande InterCity-prosjekta som skal gi raskare reiser og fleire avgangar på Austlandet. 

Dette omfattar mellom anna Sandbukta – Moss – Såstad på Østfoldbanen, Drammen – Kobbervikdalen og Nykirke – Barkåker på Vestfoldbanen og Kleverud – Sørli – Åkersvika på Dovrebanen, skriv regjeringa på sine nettsider.

– Elektrifiseringa av Meråkerbanen og Trønderbanen fram til Stjørdal skal bidra til raskare og meir klimavenleg togframføring i Trøndelag. Til neste år skal dobbeltsporet på strekninga Bergen stasjon – Fløen på Vossebana opne for trafikk. Dobbeltsporet gjer det mogleg å auke person- og godstogtrafikken til og frå Bergen, skriv Samferdselsdepartementet.

Løyvingsforslaget inkluderer midlar til vidare innføring av det digitale signal- og sikringssystemet ERTMS på heile det norske jernbanenettet. Prosjektet skal mellom anna bidra til betre regularitet og gjere togtrafikken meir punktleg. Det er lagt opp til å ta i bruk ERTMS på nordre del av Gjøvikbanen i 2024

Foreslår planleggingsmidlar til fellesprosjektet E16 Vossebana

I foreslått løyving til vegformål har regjeringa prioritert midlar til vidare planlegging av fellesprosjektet E16 Vossebana. Prosjektet skal etter planen realisere både ny veg og jernbane på den rasutsette strekninga Arna – Stanghelle.

Regjeringa foreslår å løyve 5,4 milliardar kroner til kjøp av persontransporttenester med tog. Blant tiltaka som skal gi eit betre togtilbud, er innføring av timesfrekvens for regiontoga på Gjøvikbanen og kvartersavganger for lokaltoga mellom Arna og Bergen på Vossebana.

Regjeringa foreslår å løyve 8,6 milliarder kroner til drift og vedlikehald av jernbanenettet, ein auke på 10,1 prosent frå saldert budsjett 2023. Løyvingsforslaget inneheld mellom anna midlar til vedlikehald etter ekstremvêret Hans, og gjer det mogeleg å prioritere minimum 3,7 milliardar kroner til fornyingstiltak.

– Klimaendringar gir meir ekstremvêr. Bane NOR, som har ansvaret for infrastrukturen, prioriterer å setje jernbanen i stand etter flom og skred, slik at infrastrukturen kan vere open for trafikk, seier samferdselsministeren.

1,8 milliarder auke i vedlikehaldsetterslep

Vedlikehaldsetterslepet på jernbanen er rekna til å auke med 1,8 milliardar kroner i 2024, til 32,9 milliarder kroner ved utgangen av året.

– Sjølv om vedlikehaldsetterslepet aukar, er det viktig å rette innsatsen der det gir mest mest effekt, slik at midlane blir brukt best mogleg, seier Nygård.