Montering av ferdige vegg-element i Skogafjellstunnelen, lengst sør på E39 Svegatjørn-Rådal. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Veggelement i alle tunnelar

Tunnelane på E39 Svegatjørn-Rådal får tilsaman over ein kvart million kvadratmeter med veggelement, bygt på to stader.

På kontrakten i sør blir elementa produserte ved Ølen betong i Vindafjord. Nord-kontrakten får veggelementa frå NOBI, lengst nord på Askøy.

Det er mest tunnel i sør, med over 200.000 kvadrat med veggelement. Resten, kring 50.000 kvadrat – skal monterast i nord. Her skal det i sommar leggast asfalt i tunnelane, før ein kan gå i gang med montering av elementa, skrive Statens vegvesen i ei melding.

I sør har montering av veggelement pågått ein god stund. Skogafjellstunnelen har ein rest med montering som blir ferdig tidleg på hausten. Men det meste av elementa kjem i den 9,2 km lange Lyshorntunnelen, der det framleis står att ein del tunneldriving.

På fabrikk blir det laga armeringsnett og støypt element i ferdige formar. Det er tale om produksjonsliner i fabrikkhallen - med fleire formar på rekke og rad. Når armeringa er på plass i formen blir det sett i gang støyping. Deretter er det herding – før dei ferdig herda elementa blir losna frå formane.

Så blir elementa lagra utanfor fabrikken, og leverte til tunnelanlegget etter kvart som montasjen skal utførast.