Statens vegvesen skal utbetra mindre sprekkar i fjellet ved to av stopplommene i Lærdalstunnelen. Foto: Lars Olve Hesjeda/Statens vegvesen
Statens vegvesen skal utbetra mindre sprekkar i fjellet ved to av stopplommene i Lærdalstunnelen. Foto: Lars Olve Hesjeda/Statens vegvesen

Tett konkurranse om vedlikehaldsjobb i Lærdalstunnelen

Statens vegvesen skal gjera ein mindre vedlikehaldsjobb i Lærdalstunnelen. Det er tett konkurranse om oppdraget.

– Under ein kontroll av fjellet, som er ein ordinær del av vårt vedlikehalds- og inspeksjonsregime oppdaga vi mindre sprekkar i fjellet i dei to stopplommene nærast Lærdal, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Desse sprekkane skal vi no utbetra. Det er ein mindre jobb som ikkje vil vera til hinder for trafikken. Planen vår er å dirigera trafikken manuelt forbi medan vi gjer jobben, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen i meldinga.

Jobben tar om lag tre veker og blir gjort på dagtid.

Tre entreprenørar har levert tilbod på oppdraget, og under 400.000 skillar dei tre tilbydarane (prisane er utan moms):
Veidekke - 4.190.205,00
Mesta - 4.494.060,05
Birkeland Entreprenørforretning - 4.556.055,00