Sjef for bygg- og eigedomsdrift

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Vi er ein tydeleg medspelar i lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

FirmaMøre og Romsdal fylkeskommune
FylkeMøre og Romsdal
StedMolde
Søknadsfrist10.06.2022

Fylkeskommunens bygg- og eigedomstenester blir no organisert i avdeling for bygg- og eigedomsutvikling og avdeling for bygg- og eigedomsdrift. Vi søker i denne samanheng etter avdelingssjef for bygg- og eigedomsdrift.

Du får jobbe med

Som sjef for bygg- og eigedomsdrift vil du ha ansvar for drift og vedlikehald av fylkeskommunen sin bygg- og eigedomsmasse. Dette inkluderer ansvar for reinhald, teknisk drift, planlegging og bestilling av vedlikehaldsbehov og nokre servicetenester ut mot i hovudsak dei vidaregåande skolane. Eigedomsforvaltninga skal understøtte kjerneverksemda på best mogleg måte med vekt på eit berekraftig og verdibevarande vedlikehald i tråd med fylkeskommunen sin eigedomsstrategi. Det blir lagt vekt på eit nært samarbeid mellom drift og utvikling då avdelingane også skal levere tenester til kvarandre.

Stillinga vil ha fylkeskommunedirektøren som næraste overordna.

Vi søker deg som har

Utdanning innan eigedomsforvaltning eller ingeniørfag på minimum bachelor-nivå. Relevant og tilstrekkeleg erfaring innan eigedomsforvaltning kan kompensere for manglande formell utdanning.

Det er ønskeleg at du har erfaring frå driftsleiing av større eigedomsmasse og personalleiing i større offentlege organisasjonar. Vidare at du har kompetanse/erfaring innan kartlegging og analysar av tilstand og tiltak, kontrahering av innleigde tenester, løpande kontraktsadministrasjon og kontroll på myndigheitskrav.

I tillegg blir det lagt vekt på personlege eigenskapar som:

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • evne til å arbeide systematisk og målretta
  • evne til samarbeid og kunne inspirere andre
  • fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
  • liker å ta ansvar og kan arbeide sjølvstendig
  • utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
  • god erfaring med bruk av digitale verktøy

Vi tilbyr

  • ei utfordrande leiarstilling i eit breitt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 230.000 m2. Etter omorganisering vil avdelinga frå august 2023 ha om lag 150 tilsette.
Driftsteknikarane i avdelinga er organisert i team og lokalisert ved dei vidaregåande skolane.

Det blir gjennomført ein OU-prosess med sikte på at også reinhaldspersonale ved dei vidaregåande skolane skal overførast til avdelinga. Avdelingsleiarstillinga, seksjonsleiarane og resten av personalet i avdelinga er samlokalisert med avdeling for bygg- og eigedomsutvikling i Molde. Det må påreknast noko reiseverksemd.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil blir varsla om dette før offentleggjering.

Kontakter:

Richard David Anthony Muller

HR-sjef

E-post: richard.david.anthony.muller@mrfylke.no

Mobil: 95204546

Arbeid: 71280173

Gunn Randi Seime

Ass Fylkeskommunedirektør

E-post: gunn.randi.seime@mrfylke.no

Mobil: 40 86 97 13

Arbeid: 71280185

Per Olaf Skuseth Brækkan

Bygg- og eigedomssjef

E-post: per.olaf.brakkan@mrfylke.no

Mobil: 92082368

Arbeid: 71280227

Søk stilling

Vis flere stillinger: