Rådgivar analyse

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.

Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.

«Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.»

FirmaForsvarsbygg
FylkeOslo
Søknadsfrist19.01.2020

Forsvarsbygg er den største aktøren i Norge innan eigedom, bygg og anlegg og forvaltar store verdiar og skal gjennomføre omfattande investeringar til Forsvaret sitt framtidige behov. Forsvarsbygg som organisasjon er også i utvikling og har ambisjon om å vera den beste totalleverandøren av eigedom, bygg og anlegg til forsvarssektoren i fred, krise og krig.

Forsvarsbygg stab er toppleiinga si strategiske stab. Staben har eit særskilt ansvar for å tilrettelegge for at leiinga har god strategisk styring og driv utvikling av verksemda basert på innsikt, analysar og utredningar. Staben utarbeidar mål, strategiar og planar og gir råd om langsikteg utvikling av forsvarssektoren si eigedomsportefølje og Forsvarsbygg som organisasjon.

Vi søker no ein ny medarbeidar som vil vere med å utvikle ein kunnskapsbasert totalleverandør av eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren. Personen vi ser etter er nysgjerrig og ein strukturert pådrivar for analysearbeid som vil vere med å bygge opp eit analysemiljø i Forsvarsbygg. Erfaring frå relevant analysearbeid og metodekunnskap er ønskeleg.

Analysar skal gi betre innsikt og bidra til å utarbeide gode planar og beslutningsunderlag for leiinga.

Vi søker no etter ein rådgivar/seniorrådgivar analyse.

Stillinga rapporterer til fagdirektør.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no

Arbeidsoppgåver

  • Analysar knytta til utvikling av forsvarssektoren si eigedomsportefølje og Forsvarsbygg som verksemd
  • Utvikling av metodisk tilnærming til analysearbeid
  • Prosess- og prosjektleiing for oppgaver innanfor stabens områder
  • Delta i prosjekt og utviklingsoppgåver innanfor stabens områder
  • Samarbeid med Forsvarets forskningsinstitutt og andre relevante analysemiljøar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på masternivå. Bachelorgrad i kombinasjon med relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning på masternivå.
  • Du må kunne vise til relevant erfaring og konkrete resultat
  • Du har god kompetanse på database- og analyseverktøy
  • Du har kjennskap til politiske prosessar og offentleg verksemd
  • Det er ønskeleg at du har erfaring med prosessleiing
  • Det er ønskeleg med kjennskap til bygge-, eigedoms- og anleggsbransjen og/eller forsvarssektoren
  • Må kunne tryggingsklarerast nivå Hemmeleg/ Nato Secret

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å tenke heilheitleg og strategisk
  • Du har gode analytiske eigenskapar
  • Du har ei strukturert arbeidsform
  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Du kommuniserer godt skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) fra kr. 573 100 (ltr. 64) til kr. 837 200 (ltr. 81). For særskilt godt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønjn vurderast Stillingskode og endeleg lønnsinnplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar.
  • Faglege utfordringar og varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein sektor i stor utvikling
  • Ein jobb med store moglegheiter for utvikling og læring
  • Engasjerte og dyktige kollegaer som bygger forsvarsevne kvar dag
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • Kontorlokaler sentralt i Oslo

Kontaktinformasjon

Haakon W. Øberg

Fagdirektør plan og analyse

992 37 658

Søk stilling

Vis flere stillinger: