Prosjekt- og byggjeleiar

Sweco planlegg og formar framtidas byar og samfunn. Våre prosjekt realiserer bærekraftige bygg, effektiv infrastruktur og gjev tilgang til straum og reint vann. Med 14 500 medarbeidarar i Europa og 1 400 fordelt på 26 kontor i Norge, tilbyr me kunden etterspurt kompetanse. Kvart år gjennomfører me spennande prosjekt i drygt 70 land over heile verda.

Firma Sweco Norge
FylkeHordaland
StedVoss
Søknadsfrist05.01.2017

Vil du vera med å forma framtidas byar og samfunn? Då er Sweco staden for deg. Vår jobb er å sørga for at dagens og morgondagens samfunn kan tilby alt det innbyggjarane forventar – reint vatn, varme bustadar, effektiv transport og moderne sjukehus. For å lykkast med det, må me ha eit tett samarbeid med kundane. Derfor er den typiske Sweco-medarbeidaren alltid tilgjengeleg og engasjert i kundane sine prosjekt med etterspurt kompetanse.

Sweco på Voss har 9 høgt kvalifiserte medarbeidarar innanfor faga vegplanleggjing, byggje- og anleggsteknikk, akustikk, VVS og prosjekt- og byggjeleiing. Vår verksemd er prega av eit arbeidsmiljø som legg vekt på ansvarlegheit, kompetanse og gode relasjonar. Me har høg trivsel på jobb og vert stadig utfordra gjennom våre prosjekter både lokalt, regionalt og nasjonalt. Me har tett og god dialog med vårt regionskontor i Bergen med 250 medarbeidarar.

Voss er ei naturperle med utfordrande, vakker vestlandsnatur. Det er gode høve til rikt og aktivt friluftsliv heile året, til dømes i to store alpinanlegg, ny langrennsarena, elvar og fjell. Bygda har eit breitt spekter av kultur- og idrettstilbod. Ekstremsportveko, Vossa Jazz er nokre av dei årlege høgdepunkta. Voss er ein god stad å veksa opp med korte avstandar og mange gode møteplassar. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Stillingsbeskrivelse

  • Utføra prosjekt- og byggjeleiing innan eit eller fleire av fagområda bygg, samferdsel og kraft
  • I samarbeid med oppdragsgjevarane våre, utvikla prosjekt som ivaretek kunden sine behov
  • Sikra forsvarleg økonomi og framdriftsstyring i prosjekta
  • Bidra til innsal av prosjekt og utarbeiding av tilbod
  • Styrkja prosjekt- og byggjeleiarkompetansen og miljøet på Voss

Kompetansekrav

  • Siv.ing./ingeniør
  • Røynsle innan relevant fagfelt
  • Røynsle frå rådgjevande, entreprenør eller offentleg
  • Beherska norsk både skriftleg og munnleg

Personlige egenskaper

  • Evne til god kommunikasjon med kundar og medarbeidarar
  • Sjøldreven og beslutningsdyktig
  • Resultatorientert
  • Omgjengeleg

Hva kan vi tilby deg

  • Lokalt fagmiljø innanfor prosjekt- og byggjeleiing
  • Godt og uformelt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling gjennom krevjande oppdrag, vår eigen interne skule, Sweco Academy, og eksterne kurs
  • Gode ferie og personalordningar
  • Konkurransedyktige lønsvilkår

Søk på stillinga her

Vis flere stillinger: