Prosjekt-/fagleg leiar

Kvam Byggevarer AS har sidan oppstarten av 2010 hatt ei positiv auking i sal og kundar. Grunna aukande oppdragsmengde er det behov for fleire flinke ansatte. Idag består føretaket av fire fast ansatte pluss ekstrahjelper. Primert driv vi med sal av byggevarer, men vi har og mange eigne prosjekter med bygging av fritidsbustadar for kundar på Kvamskogen. Vi driv og med
diverse konsulenttenester som teikning og prosjektering, kalkulasjon, prosjektleiing og søknader til myndigheitene. Ved gjennomføring av prosjekt brukar vi kun lokale underentreprenører.

Firma Kvam Byggevarer
FylkeHordaland
Søknadsfrist16.06.2019

Vi søkjer etter ny prosjekt-/ fagleg leiar for utvikling og leiing av eigne prosjekter. Oppgåvene vil i stor grad rette seg mot prosjektering, prosjektoppfølging, kalkulasjon/mengdeberekning med meir. Stillinga omfattar og oppfølging av Proff-markedet. Kvardagen vil vere veldig variert.

Kvalifikasjoner

  • Minimum relevant teknisk fagskole/ mesterbrev, men helst relevant høgskule-/bachelorgrad
  • Erfaring med prosjektleiing
  • Erfaring med prosjektering av konstruksjon og grunn (primært tiltaksklasse 1)
  • Kjennskap til TEK17, SAK10 og Plan- og bygningslova er ein fordel
  • Kjennskap til Bustadoppføringslova er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Utadvendt og imøtekommande
  • Må kunne arbeide sjølvstendig samt samarbeide godt i team
  • Må klare å halde oversikten over fleire prosjekter samtidig
  • Må vere lærevillig og nyskjerrig
  • Må beherske norsk svært godt, både skriftleg og munnleg

Vi kan tilby

  • Ein svært variert kvardag
  • Ansvar for eigne prosjekter
  • Ansvar for eigen kvardag
  • Fagleg utvikling
  • Gode lønns-, pensjons- og forsikringsvilkår

Spørsmål om stillingen

Bjørn Jarle Tordal

Dagleg leiar

Telefon 418 09 199

Anders Nilsen

Fagleg leiar

Telefon 900 91 041

Søk her

Vis flere stillinger: