Det kan koma mykje snø på riksveg 13 Vikafjellet vinterstid.
Det kan koma mykje snø på riksveg 13 Vikafjellet vinterstid.Foto: Geir Ove Engebø, Statens vegvesen.

Presis Vegdrift fekk driftskontrakt til 670 millionar

Fire fjellovergangar og verdas lengste vegtunnel er ein del av oppdraget når Presis Vegdrift skal drifta vegnettet i Hardanger, Sogn og Voss dei neste fem åra.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland og entreprenøren signerte denne veka kontrakten til ein verdi av 670 millionar pluss moms, skriv Statens vegvesen i ein pressemelding.

Kontrakten gjeld i fem år, frå 1. september 2022 til 31. august 2027, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.

Variert kontraktsområde

Kontrakten omfattar 471 kilometer riksveg, pluss 78 kilometer gang- og sykkelveg, i eit stort og variert kontraktsområde fordelt på ti kommunar i tre fylke:

* Riksveg 7 Haugastøl – Bu (som inkluderer fjellovergangen Hardangervidda)

* Riksveg 52 Storeskar - Borlaug (Hemsedalsfjellet)

* Riksveg 13 Skare (Kløvet) – Vangsnes (Vikafjellet)

¤ E16 Voss – Tyin (Filefjell)

¤ Riksveg 5 Håbakken - Fodnes

Mellom dei 45 tunnelane i kontraktsområdet er Lærdalstunnelen. Med sine 24.509 meter er tunnelen som opna i 2000 verdas lengste vegtunnel.

Totalt er det 103 kilometer med tunnel i kontraktsområdet, opplyser Vegvesenet.

– Dette er ein stor vegkontrakt, noko som gjer at Statens vegvesen har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg. I tillegg til ordinær byggjeleiar har vi valt å ta med også teknisk byggjeleiar for tunnel og teknisk byggjeleiar for høgfjell, seier prosjektleiar Johannes Øydvin i Statens vegvesen.

Utsleppsfrie køyretøy og andre klimakrav

I kontrakten krev Vegvesenet delvis utsleppsfrie og delvis nullutslepps køyretøy. Alle nye vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut inneheld krav til miljøsertifisering.

– Vi har fokus på oppsamling av vaskevatn i samband med tunnelreinhald, og det skal takast prøvar av vaskevatnet. Vi set strenge krav til prøvar frå kumtømming og gateoppsop, for å sikra korrekt deponering av massane, seier Øydvin.

På to av fjellovergangane skal det ikkje brukast salt

På to av fjellovergangane i kontrakten, Vikafjellet og Hardangervidda, skal det normalt ikkje brukast salt i vinterdrifta, grunna sårbar natur, ifølge Vegvesenet.

På dei to andre fjellovergangane, Filefjell og Hemsedalsfjellet, kan entreprenøren nytta salt under visse føresetnader for å oppnå godkjende føreforhold.

Enkelte punkt i kontraktsområdet kan vera skredutsette, mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet, skriv Vegvesenet.

Tek vare på naturmangfaldet

Det er viktig for Statens vegvesen å ta vare på naturen.

For å vareta biologisk mangfald har Vegvesenet også valt å redusera kantklippen for delar av dei høgareliggande områda, og byggherren tilpassar tunnelreinhaldet til tidspunktet for utvandring av laksesmolt.