Plan- og prosjekteringsleiar - Rogfast-prosjektet

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Firma Statens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist25.05.2015

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som plan- og prosjekteringsleiar på Rogfast-prosjektet. Stillinga er knytt til E39 Rogfast-prosjektet på prosjektavdelinga i Region vest og inngår i byggherrepoolen i regionen.

E 39 Rogfast-prosjektet har ansvar for planlegging, prosjektering og bygging av E39 Rogfast mellom Harestad i Randaberg kommune og Austre Bokn i Bokn kommune. I tillegg har prosjektet også ansvar for planlegging, prosjektering og bygging av det tilstøytande vegprosjektet E39 Smiene Harestad i Stavanger og Randaberg kommune.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Leiing og koordinering av plan- og prosjekteringsoppgåver i tilknytning til prosjekta
  • Ansvar for oppfylging av kontraktar med konsulent med omsyn til framdrift og økonomi
  • Ansvar for å koordinere tekniske avklaringar og endringsanmodningar i kontrakt med konsulent
  • Leiing og koordinering av intern samarbeidsgruppe i prosjekta
  • Kontakt med kommunar som blir berørde
  • Kontakt med andre offentlege etatar
  • Utarbeiding av tilbodsgrunnlag
  • Diverse sakshandsaming knytt til prosjekta


Kvalifikasjonskrav:
Utdanning frå universitet eller høgskule minimum 5 år med relevant fagkrins, jmf. beskriving over. For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, etterutdanning og gode personlige eigenskapar for stillinga kan kravet til utdanning fråvikas. Søkjarar må ha førarkort kl. B.

Vi legg vekt på:

  • Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • Erfaring frå liknande arbeid/ bransjeerfaring
  • Erfaring med bruk av elektronisk verktøy til oppfølging og rapportering
  • Kunne medverke til eit godt arbeidsmiljø både internt og i forhold til konsulentar
  • Fleksibilitet i høve til arbeidsoppgåver
  • Evne til å jobbe målretta og strukturert
  • Må kunne beherske norske målføre både skriftleg og munnleg
  • Vi ynskjer søkjarar med kompetanse / erfaring frå planlegging og prosjektering av større veg-/ tunnelprosjekt. God kunnskap om retningslinjer for planlegging og prosjektering av veg- og tunnelanlegg vil bli vektlagt.


Vi kan tilby:

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagleg miljø med moglegheit til eigen påverknad og deltaking
  • Gode høve til fagleg utvikling og vidareutdanning
  • Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter
  • Løn etter avtale i samsvar med lønspolitikken vår.


Ein god og mangfaldig arbeidsplass:
E39 Rogfast-prosjektet står framfor mange spennande utfordringar i tida framover. Vi skal i løpet av det neste året byggje opp ein slagkraftig prosjektorganisasjon som skal vere klar til å starte byggjing av dette kjempeprosjektet i løpet av neste år. For den som vil vere med på laget vårt vil det bli mange og spennande utfordringar i åra som kjem. Vi skal skape eit godt arbeidsmiljø der vi set pris på arbeidsglede, godt humør og openheit.

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad:
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil leggja til rette arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må ho godkjennast av NOKUT ( www.nokut.no).

Søk stilling

Kontaktpersonar:

Tor Geir Espedal

mob: +47 90922692

Vis flere stillinger: