Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

NVE: Mange tiltak mot flaum- og skred i vest

I 2018 sluttførte NVE 41 sikringstiltak i heile landet. I vest var det overlevering av fleire ferdige sikringsanlegg til kommunar som vart råka av flaumen i 2014.

Alle tiltaka vert no presentert i Årsrapport for utførte sikrings- og miljøtiltak 2018.

- Sikringstiltak som gjer at folk bur tryggare for naturfarar som flaum og skred, er svært viktige oppgåver for oss i NVE, seier fungerande vassdrags- og energidirektør Anne Britt Leifseth i ei melding.

Region Vest har dei siste åra hatt fleire større flaumhendingar. Sidan flaumen i oktober 2014 er det arbeidd med sikringstiltak i Flåmselvi i Aurland kommune, Opo i Odda kommune og Granvinselva i Granvin herad. Desse vart ferdige og overlevert til kommunane våren 2018.

Regionen arbeider med tiltak i Storelva i Utvik i Stryn kommune, etter ekstrem nedbør og stor flaum sommaren 2017.

Flaumen i Mørkrids- og Fortunselva i Luster kommune i oktober 2018 førte til stor erosjon langs vassdraga. Dette gjorde det nødvendig å sette i verk krisetiltak fleire stader. Holvikelva skapte overfløymingar i Sandane sentrum i Gloppen kommune. Det er no sett i gang arbeid for å førebygge mot framtidige erosjons- og flaumskadar der.I tillegg til at det er utført tiltak både i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det også løyvd tilskot til ei rekke tiltak mot steinsprang og jordskred i regionen.

NVE Region Vest har, saman med Lærdal kommune, forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget under arbeid, i tillegg til fleire utgreiingar/forprosjekt for sikringstiltak langs ulike vassdrag i regionen.