Fv. 609 frå Heilevang i retning Hestvika. Foto: Vestland fylkeskommune
Fv. 609 frå Heilevang i retning Hestvika. Foto: Vestland fylkeskommune

Lyser ut konkurransegrunnlag for tunnel- og skredsikringsprosjekt i vest

Konkurransegrunnlaget for tunnel og skredsikring mellom Heilevang og Hestvika på fv. 609 i Sunnfjord i Vestland vert lagt ut i månadsskiftet september/oktober.

— Det har vore stor interesse rundt prosjektet, det såg vi då vi arrangerte marknadsdialog tidlegare i sommar, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Konkurransegrunnlaget er no til intern kontroll i fylkeskommunen, før det om få veker vert presentert for marknaden.

– Sjølve utlysinga skal gjennomførast som konkurranseprega dialog, ei anbodsform som fremjar dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør. Målet er at oppdragsgjevar og leverandør saman skal finne løysingar som best løyser oppdragsgjevar sine behov. Val av rett entreprenør skal ikkje berre gjerast på basis av pris, men også planar for organisering og gjennomføring av prosjektet, skriv fylkeskommunen.

Etter planen skal kontrakten signerast i juli 2024, med anleggsstart hausten samme år. Byggetida blir omlag fire år, med frist for ferdigstilling i juni 2028.