Direktør Audun Otterstad i EBA Trøndelag blir ny styreleiar i Fair Play Bygg Norge.
Direktør Audun Otterstad i EBA Trøndelag blir ny styreleiar i Fair Play Bygg Norge.

Entreprenørleiar blir styreleiar i Fair Play Bygg Norge

Direktør i EBA Trøndelag, Audun Otterstad, blir ny styreleiar i Fair Play Bygg Norge.

På landsmøtet for Fair Play Bygg Norge i Trondheim 6. mai 2024 er Audun Otterstad valt som ny styreleiar for organisasjonen. Otterstad er i dag direktør i EBA Trøndelag og styremedlem i Byggebransjens Uropatrulje.

– Eg gler meg til å ta fatt på denne oppgåva. Byggjenæringa er i all hovudsak ei næring prega av seriøse bedrifter som tar ansvar for dei tilsette, samstundes har Fair Play Bygg Norge vist at arbeidslivskriminalitet er eit betydeleg samfunnsproblem, seier Audun Otterstad i ei pressemelding frå Fair Play Bygg.

Audun Otterstad tek over styreleiar-vervet etter Silje Skullerud. Skullerud held fram i styret. Foto: Fair Play Bygg Norge
Audun Otterstad tek over styreleiar-vervet etter Silje Skullerud. Skullerud held fram i styret. Foto: Fair Play Bygg Norge

Silje Skullerud går av som styreleiar i Fair Play Bygg Norge, men held fram i styret.

– Det har vore inspirerande og lærerikt å vera styreleiar i Fair Play Bygg. Eg held fram i styret og ønskjer å bidra med min kompetanse i det viktige arbeidet som skjer i Fair Play Bygg, seier Silje Skullerud i meldinga.

Ho peikar på at organisasjonen har fått stort gjennomslag med relativt få ressursar. 

– Det er ein liten organisasjon men svært dedikerte og dyktige medarbeidarar. Fair Play Bygg har vist at a-krim er eit problem som spreier seg. Byggvarebedrageria omtalt i Bygg.no og DN.no er eksempel på dette. Når problemet breier om seg er det også naudsyn at fleire engasjerer seg for å førebyggje a-krim, sier ho.

Fair Play Bygg Norge er ein paraplyorganisasjon for regionale organisasjonar som arbeider mot arbeidslivskriminalitet (a-krim) i Noreg. Dei regionale organisasjonane dekker 8 fylke og sendte 846 varsel om a-krim i 2023 til ulike offentlege etatar. 

Organisasjonen vart stifta i 2020 og har i dag desse medlemmane:

  • Byggebransjens Uropatrulje
  • Fair Play Bygg Oslo og omegn
  • Fair Play Agder
  • Fair Play Bygg Rogalan
  • Fair Play Bygg og Anlegg Vestland
  • Fair Play Bygg og Anlegg Nordland

Til informasjon er EBA eigar av Bygg og Anlegg Media AS som er utgjevar av Byggeindustrien/bygg.no.