Bjørkehagen blir et nytt lelighetsprosjekt i Kaupanger sentrum (illustrasjon: Nordbohus).

Endelig leiligheiter i Kaupanger sentrum

- Dette er noko bustadmarknaden i Kaupanger har etterlyst i mange år. Endelig kjem det leilegheiter i sentrum, seier Dag Loftesnes i Nordbohus Sogn.

Sentralt i Kaupanger kan ein på nyåret kjøpe ei moderne leilegheit, med vårstemning heile året. Bjørkehagen atrium har nemlig glastak over eit romslig fellesområde med trivelige møteplasser.

Første etasje inneheld den nye Coop Extra-butikken, og Bjørkehagen atrium har mange kvalitetar like i nærleiken som kjem til å være attraktive for kjøparen.

Ein kan velje mellom fire ulike storleikar, og fem forskjellige planløysingar. Dei største leilegheitene er 103 og 100 kvm. BRA med tre soverom. Leilegheitene på 73 og 71 kvm. har to soverom. Det flotte inngangspartiet har både trapp og heis, noko som gjer enkel tilgang. Alle leilegheitene er på eit plan, og har store vindauge som gir mykje lys.

Odd Tufte og Johnny Tverberg fra Jatak, sammen med Dag Loftesnes fra Nordbohus Sogn (foto: Nordbohus).

- Leilegheitene blir bygd av solide trematerialar, med mange flotte eigeskapar. Golva er gode å gå på, og det vert energieffektivt med eit godt inneklima. I tillegg er dette en kortreist bustad, som er konstruert og bygd med innovativ byggeteknikk av Jatak Kaupanger samen med Nordbohus Sogn, seier Odd Tufte i Jatak Kaupanger i en pressemelding fra Nordbohus.

Det er solide norske og lokale selskap som står bak Bjørkehagen atrium. Eigarskapet er likt mellom Nordbohus Sogn Eigedom AS, Jatak Kaupanger Eigedom AS og Sør Investeringar AS.