Driftsleder Longyearbyen

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne av staten leder vi noen av landets største byggeprosjekter og tar vare på noen av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig, og derfor er det viktig at vi setter oss ambisiøse og ansvarlige mål. Vi skal være en virksomhet som ser kundenes behov i dag og i framtiden, og satser spesielt på digitalisering, innovasjon og klima.

Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker medarbeidere med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Vi vil tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel være tekniske hjelpemidler, tilpasning av møbler eller endring av rutiner, arbeidsoppgaver og arbeidstid. Les mer om inkludering og mangfold her

Etter søknadsfristens utløp vil det bli utarbeidet offentlig søkerliste. Søkere kan bli oppført på søkerlisten selv om vedkommende har anmodet om konfidensiell behandling. Søkere vil i så fall bli varslet før offentliggjøring.

Firma Statsbygg
FylkeSvalbard
Søknadsfrist07.10.2020

Statsbygg har ledig ei fast stilling og eit eittårig vikariat (frå 01.01.2021 til 31.12.2021) som driftsleiar ved eigedomane våre i Longyearbyen på Svalbard. Stillingane vil inngå i eit driftsteam med 5 tilsette som driftar og held ved like fleire eigedomar på øygruppa, blant anna Svalbard Globale Frøkvelv, Sysselmannens administrasjonsbygg og Svalbard Forskingspark.

Driftsleiaren skal sørge for kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar ved å ta i bruk teknologi og nye driftsformer. Ein viktig del av jobben er å identifisere behov for vedlikehaldstiltak, planlegge og styre utføringa av drift og vedlikehald i samsvar med budsjett, regelverk og krav til bruk av teknologi og nye driftsformer.

Den rette kandidaten trivst med utfordrande oppgåver og høgt tempo. Som eigar og utleigar legg Statsbygg vinn på å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med kundane. God kundebehandling er viktig i alle ledd i vår organisasjon, og vi ser derfor etter ein person med evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt og eksternt.

Stillinga gir høve til å bidra til vidareutvikling og effektivisering av Statsbygg sin driftsorganisasjon. Dette spesielt med tanke på ny teknologi, klima og miljø. Statsbygg har høgt fokus på digitalisering av ulike tenester og funksjonar, og på bruk av nye løysingar og ny teknologi.

Arbeidsoppgåver

  • Operativt driftsansvar for delar av Statsbygg sin portefølje på Svalbard
  • Gjennomføre, systematisere og legge til rette for drifts- og vedlikehaldsoppgåver i samsvar med internkontrollsystem
  • Utarbeide langtidsplanar for drift og vedlikehald
  • Dagleg oppfølging av våre leigetakarar og brukarar
  • Innkjøp av varer og tenester
  • Oppfølging av leverandørar
  • Deltaking i større prosjekt på eigedomane
  • Arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil bli tilpassa kompetanse, kvalifikasjonar og interesse

Kvalifikasjonar

  • Teknisk fagskole eller fagbrev innan tekniske fag, fortrinnsvis innanfor tømrar/ byggdriftar/ VVS/ automasjon/ elektro
  • Minimum fem års relevant arbeidserfaring. Det vil vere ein fordel med relevant praksis innan drift og vedlikehald av bygningar/ tekniske anlegg
  • God kunnskap og erfaring med bruk av IKT som arbeidsverktøy
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Fordel med erfaring frå kunderetta verksemd
  • Fordel med erfaring frå innkjøp av varer og tenester

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, engasjert og avgjerdslojal
  • Målretta, strukturert og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit godt og utviklande fag- og arbeidsmiljø
  • Eit unikt høve til å ta del i ein utviklingsorientert organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Hyggeleg arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitid, overtidsbetaling og gode velferdsordningar, som til dømes støtteordning for trening
  • Stillinga blir løna i stillingskoden som driftsleiar frå kr 470.000 til kr 550.000, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Frå bruttoløna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
  • Det blir gitt eit polartillegg for tilsette på Svalbard, for tida kr 102 per døgn. Fri bustad og fri bil etter gjeldande skattelovgiving

Kontaktinformasjon

Walter Dybwad

underdirektør

45667890

Kathrine Julin Pettersen

områdedirektør

916 05 897

Søk stilling

Vis flere stillinger: