Driftsingeniør Bergen og Bjørgvin fengsel

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i byggje- og eigedomssaker. Dei 880 engasjerte og dyktige
medarbeidarane våre byggjer og drifter bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.

Firma Statsbygg
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist30.04.2019

Drift- og vedlikehaldsavdelinga i Statsbygg har ei ledig stilling som driftsingeniør ved Bergen og Bjørgvin fengsel. Som eigar av eigedomane har Statsbygg ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling.

Som eigar og utleigar legg Statsbygg vinn på å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med kundane. Difor er god kundebehandling viktig i alle ledd i organisasjonen.
Stillinga inneber eit koordineringsansvar for dei andre driftsmedarbeidarane på eigedomane. I tillegg vil stillinga vere del av eit større driftsteam, samansett av fleire byggdriftarar, i Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinator for andre driftsmedarbeidarar på eigedomane.
  • Leie, systematisere og legge til rette for drift og vedlikehald av tekniske anlegg.
  • Hente inn og gå gjennom FDV-dokumentasjon
  • Drift av tekniske anlegg ved hjelp av SD-anlegg
  • Planlegge og følge opp vedlikehaldstiltak
  • Innkjøp etter forskrift om offentlege anskaffingar, administrasjon og fakturabehandling
  • Systematisering av dokumentasjon og rutinar i samsvar med eigedomen sitt internkontrollsystem
  • Aktivt medverke til at Statsbygg når dei måla som er fastsette innanfor dei ulike satsingsområda, som tett oppfølging av miljø, energi og universell utforming
  • Dagleg oppfølging av kundar og leverandørar
  • Bidra med fagkunnskap overfor interne og eksterne aktørar på eigedomen
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Ingeniørutdannelse på bachelornivå, helst innan VVS, automasjon, elektro eller bygg
  • Gode ferdigheiter når det gjeld bruk av IKT-utstyr og system som arbeidsverktøy er nødvendig
  • Erfaring med SD-anlegg og bruk av databaserte FDV-verktøy er ønskeleg
  • Bygningsfagleg interesse og forståing for moderne drift og forvalting av eigedom, inkludert kjennskap til byggeleing og gjennomføring av prosjekt
  • Før tilsetting i stillinga må du legge fram uttømande politiattest som kan godkjennast av Kriminalomsorga, jfr. straffegjennomføringslova §8,1

Personlege eigenskapar

  • Trivst med utfordrande oppgåver og høgt tempo
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt og eksternt
  • Målretta, strukturert, og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver i tverrfagleg miljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Byrjar etter avtale
  • Stillingane vert løna frå kr 520 000,- til kr 620 000,- , avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vis flere stillinger: