Byggestart av to kraftverk i Lærdal

Kuvelda Kraft AS, som er eigd av Okken Kraft AS og Sognekraft AS har inngått kontraktar for bygging av to kraftverk i elva Kuvelda i Lærdal kommune.

Samla vil desse gje ein årsproduksjon på 37,3 GWh som tilsvarar straum til vel 1.800 husstandar. Totalt vil prosjektet ha ei kostnadsramme på omlag 200 millionar kroner, heiter det i ei pressemelding.

Tynjadalen kraftverk vil utnytte vatnet frå eit felt øvst i Tynjadalen med storleik 32,8 kvadratkilometer i eit 361 meter høgt fall, mellom kote 680 og kote 319. Frå inntaket oppe i Øvredalen vil vassvegen i fjell består av cirka 1.100 meter tunnel med stigning 1:6 og ei cirka 100 meter sjakt med ein diameter 1200 millimeter. Røyrgata på cirka 1000 meter, tek til frå betongpropp i fjell, cirka 200 inne i tunnelen og vert nedgrave både i tunnel og vidare i grøft ned til kraftstasjonen som vert etablert i dagen. Kraftstasjonen vil få ein Peltonturbin med installert effekt på 9,6 MW og vil gi estimert årsproduksjon lik 21,4 GWh.

Lenger nede i same elva vil Fosseteigen kraftverk vil utnytte vatnet frå eit felt med storleik 64,6 kvadratkilometer i eit 142 meter høgt fall, mellom kote 202 og kote 60. Inntaket vert etablert i elva som ein delvis fyllingsdam med sentraltetting av betong fundamentert på lausmasse med sideinntak fundamentert på fjell. Vassvegen her vil bestå av cirka 1.750 meter nedgravne røyr med diameter 1.500 millimeter, frå inntak til kraftstasjonen i dagen. Kraftstasjonen vil få to turbinar, ein Pelton og ein Francis turbin med ei samla effekt på cirka 6,2 MW og vil gi estimert årsproduksjon lik 15,9 GWh.

Bygg og anleggskontrakt er tildelt Ottar Dvergsdal AS, ElektroMekanisk kontrakt har gått til Spetals Verk AS

Røyr vil bli levert av Brødrene Dahl AS.

Norconsult har prosjekteringa og prosjektorganisasjonen er sett saman av Sognekraft AS og Okken Kraft AS.

Begge prosjekta er venta å verte ferdigstilte hausten 2021.