Tilboda varierer frå 32 millionar kroner til 37 millionar kroner. Dei fem entreprenørane som leverte tilbod er:
*Mesta Drift A/S kr 32 335 355,-
*Christie & Opsahl A/S kr 33 536 843,-
*Norwegian Contructions Kr. 36 470 210,-
*Secora A/S Kr 37 706 273
*BMO Entreprenører A/S Kr 37 421 804
Tilboda er eks. mva.
Prosjektleiar Ole Kr. Birkeland seier at tilboda skal kontrollreknast før ein avgjer kven som får oppdraget.
For å møte trafikkveksten i sambandet fv. 61 Årvik – Koparnes skal det setjast inn større ferjer og det er då naudsynt å heve standarden på begge ferjekaiane. Arbeidet tek til i januar 2013 og skal vere avslutta i august. Arbeidet som skal gjerast er:
• å byggje nye og større (9 x 18 m) ferjekaibruer på Årvik og Koparnes
• å forlengje tilleggskaia på Koparnes
• å mudre opp ferjekaibåsen på Årvik
• å byggje ny fendring på begge kaiene
Bygging av nye av ferjekaier vert gjennomført parallelt, noko som fører til at ferjesambandet fv.61 Årvik-Koparnes vil vere heilt stengd frå slutten av februar til midten av juni 2013. Trafikken vil då køyre fylkesveg 2 mellom Fiskå og Åram, langs Hakkalestranda.
Nye ruteplanar for sambandet fv.2 Larsnes – Åram, som vert trafikkert av to ferjer, vert annonsert seinare.