Byggestart for Stanghelle-krysset til våren

Bygging av det nye E16-krysset på Stanghelle vert lyst ut like over nyttår og vi reknar med oppstart i løpet av våren. Dermed er framdrifta for dette delprosjektet i Vossapakko fastsett.

- Krysset skal byggast i høve godkjend reguleringsplan. Det vil seie med avkøyringsfelt for E16 i begge retningar, seier byggeleiar Sigmund Gjernes i Vossapakko. Det skal dessutan byggast ny undergang slik at lokaltrafikken mellom nedre (nordvestre) og øvre (søraustre) del av bygda skal kunne ferdast trygt under europavegen.

Undergangen skal også nyttast for E16-trafikk som skal til øvre del av Stanghelle. Dette fører til at krysset vert mykje tryggare fordi alle kjem inn eller køyrer av E16 i same kryss. Det vert meir oversiktleg.