Snart ferdige brutårn på Dalsfjordbrua

Det eine brutårnet på Dalsfjordbrua er no ferdig støypt, og andre tårnet blir ferdig denne veka. Då ligg bruarbeidet på Dalsfjordsambandet godt i rute.

- Arbeidet med brua går etter planen. Sist veke støypte dei toppseksjonen på det eine tårnbeinet på Otterstein-sida, og no er førebuingane i full gang for siste støypen på Dale-sida. Om kort tid kan me starte bygging av catwalk mellom brutårna, seier prosjektleiar Einar Kåre Hovland i Statens vegvesen.

Lettare framkomst
Dalsfjordsambandet ligg i Sunnfjord i Sogn og Fjordane og kryssar kommunegrensa mellom Askvoll og Fjaler. I dag går trafikken på tvers av fjorden med ferje, men når vegen opnar i desember 2013 vil framkomsten mellom Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund bli mykje lettare.

På Dale-sida er hovudentreprenør NCC i gang med å asfaltere inni tunnelane, og snart skal elektroarbeidet byrje, med lys, naudsamband og ventilasjon, fram til midten av januar. Inne i fjellet møtest tre vegarmar i ein stor rundkøyring: Ein frå brua, ein frå Dale og ein frå Sætenes (Førde). Tunnellengda mellom Dale og Sætenes er på ca 1850 meter.

- Takka vere to korte omkøyringstunnelear har me unngått det meste av ulempe for bilistane. Det har vore ei veldig praktisk løysing, seier Hovland.

619 meter
På utsida av fjellet får brutårna no sin fulle høgde på 99 meter, og den ferdige brua blir 619 meter lang, med fritt spenn på 523 meter og til saman 96 meter viadukt inn til dei to brutårna. Det skal støypast forankringsplater inne i forankringstunneler på 10 x 10 x 2 meter; to på kvar side av brua. Dei to forankringsplatene på Nishammar er ferdig støypte, mens på Otterstein er eine plata nesten ferdig støypt og den andre skal støypast snart.

Så startar bygginga av catwalken, som er ein midlertidig gangbru over spennet i byggefasen. Catwalken blir òg brukt til å trekke bærekablane over fjorden.

Samla går det med 8000 kubikk betong for å bygge brua, og betongen blir levert av blanderiet i Dale. Det er det tyske firmaet Bilfinger Berger som har kontrakt på betongarbeida, HSM i Nederland har stålkassen, italienske Readelli har kablar og hengestenger, medan MT Høygaard i Danmark leverer plater og stag til brua.

Kablar i januar
Montering av sjølve brukablane startar i januar, og kablane skal trekkjast frå nordsida og over mot sør.

- Me satsar på at kablane er ferdig strekte og at me kan starte med montering av stålkasse uti april, seier prosjektleiar Hovland.

Også på nordsida av fjorden er tunnel- og vegarbeidet i god framdrift, men etter raset som gjekk ut i vegen og påfølgande ny geolograpport, har dei fått nokre ekstra punkt å sikre i fjellsida.

- To punkt vert sikra no fortløpande, medan 7-8 punkt til må sikrast før vinteren kjem, seier Hovland.

Dalsfjordsambandet har ein lang forhistorie, for allereie på 70-talet starta bygging av veg på nordsida av fjorden frå Eikenes og austover. Arbeidet vart stansa i 1979, då 4 km veg og 500 m tunnel var opparbeidd. I desember 2009 vedtok Sogn og Fjordane fylkesting at vegprosjektet endeleg skulle fullførast. Etter planen blir opning i desember 2013.