Stortingsmeldingen: Relevante områder for byggevareindustrien

- Stortingsmeldingen om bygningspolitikk vil være grunnlag for grundig lesning og gjennomgang i dagene som kommer, men hovedtrekkene er at man har kommet ut med en "god melding som kunne vært bedre", sier adm. direktør Øyvind Skarholt i Byggevareindustriens Forening.

- Vi kjenner oss igjen ift. ståsted og utfordringer, men savner mer tydelighet på virkemidler og tiltak på en del viktige områder, sier han.

Nedenfor har Byggevareindustriens Forening sakset noen forhold som særlig gjelder byggevareprodusenter inn mot bygg-markedet.

4.6 Materialbruk og miljøpåverknad
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere om det i den neste revisjonen av byggteknisk forskrift skal stillast krav om at miljøpåverknaden av byggjevarer skal dokumenterast med miljødeklarasjonar (EPD), dei offisielle miljømerka eller tilsvarande.

Regjeringa vil medverke til at arbeidet med miljødeklarasjonar intensiverast og at EPD-Noreg og Stiftelsen Miljømerking samarbeider om felles dokumentasjonskrav.

4.9 Den totale miljøbelastninga til bygg
Regjeringa vil:
Regjeringa vil medverke til å utvikle meir kunnskap om dei samla miljøbelastningane av bygg gjennom heile levetida.

5.7 Energieffektivisering i eksisterande bygg
Regjeringa vil:
Regjeringa vil innføre komponentkrav for eksisterande bygg og klargjere kva byggjearbeid og komponentar desse krava skal gjelde for, mellom anna ut frå ei vurdering av energieffektar og kostnader.

Regjeringa vil spesielt medverke til å styrkje kompetansen til dei delane av byggjenæringa som er i kontakt med bustadeigarar, slik at dei blir betre til å formidle og gjennomføre gode energieffektiviseringstiltak.

Regjeringa vil at Enova skal støtte opp om utviklinga av stadig meir energieffektive bygg.

Regjeringa vil i løpet av 2012 kome attende med eit mål for energieffektivisering i bygg.

6.11 Byggjevarer
Regjeringa vil:
Regjeringa vil delta aktivt i nordisk og europeisk standardiseringsarbeid på byggområdet for å byggje ned unaudsynlege handelshindringar og medverke i utviklinga av EU-reglar.

Regjeringa vil byggje opp eit kompetent og effektivt marknadstilsyn med byggjevarer.