Vegvesenet tilrår opprusting av tunnelar

Statens vegvesen tilrår i første omgang å ruste opp dagens tunnelar over Strynefjellet med tryggleiksutstyr slik at tunnelane kan sikkerheitsgodkjennast.

I tillegg skal Grasdalen sikrast slik at ein får betra regularitet over Strynefjellet vinterstid, melder vegvesen.no.

Onsdag 11. april overleverte Statens vegvesen rapporten frå arbeidet med konseptvalutgreiing (KVU) for Strynefjellsvegen til statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. Overrekkinga fann stad under ei presseorientering på Sandane.

– Som kortsiktig løysing rår ein til ei sikkerheitsopprusting av dagens tunnelar. På lenger sikt rår ein til å bygge nye tunnelar i om lag same trasé som dagens tunnelar (konsept B3) for å få tilfredsstillande vegstandard over fjellet, seier Inge Alsaker, prosjektleiar for KVU rv. 15 Strynefjellet.

Det kan vere aktuelt å vurdere å nytte nokre av dagens tunnelar i eit slikt konsept, men totalt sett meiner Vegvesenet at ei strossing av dagens tunnelar vil påføre trafikantane så store ulemper over så lang tid, at det ikkje er akseptabelt.

Totalkostnaden ved bygging av nye tunnelar over Strynefjellet vil ligge i storleiksorden 1,5 milliardar kroner.

– Det er opp til fylkeskommunen i Møre og Romsdal å velje framtidig løysing for veg til Geiranger. Den løysinga dei går for må koordinerast med den valde løysinga for rv. 15, seier Alsaker.

Last ned konseptvalutgreiinga her