Millionkonkurs i byggefirma

Byggservice Hallingdal AS er slått konkurs. Samla krav i buet er på nær 11,4 mill. kroner, melder hallingdolen.no.

Konkursen vart opna i forrige veke, etter at gjeldsforhandlingar ikkje hadde ført fram. Advokat Jostein Valla er oppnemnt som bustyrar. Byggservice Hallingdal har tilhald i Gol. Dagleg leiar er Ørjar Nydal. Nedtrapping På konkurstidspunktet hadde ikkje selskapet nokon tilsette utanom dagleg leiar. I framkant av gjeldsforhandlingane har det sidan februar i år føregått ei gradvis nedtrapping. Verksemda har den siste tida vore basert på mellombels innleigd arbeidskraft. Bak dei samla krava på 11,4 mill. kroner står i alt 71 større og mindre kreditorar. Bank og skatt Bustyret vil i fyrste omgang konsentrere seg om å finne ut om det er verdiar i buet som kan realiserast. Ved gjennomgang av rekneskap o.a. må det også undersøkjast om det kan ha føregått straffbare handlingar som gjer at politiet må koplast inn. Nes Prestegjelds Sparebank er den største kreditoren og har pant i det meste av aktiva i buet. Skatteoppkrevjaren i Gol er med i bustyret for å ivareta krav på uteståande skatt og avgifter til det offentlege.