Vern av statlige bygg

Statsbygg har laga ferdig nok ein plan med forslag til statlege eigedommar som skal vernast for ettertida. Landsverneplanen er overlevert Kunnskapsdepartementet (KD) og inneheld 293 bygningar.

KDs landsverneplan er ein av dei største av desse planane, og Statsbygg forvaltar 105 av bygningane i planen. Nokre av dei mest kjende er hovudbygningen på Volda lærarhøgskule, Villa Grande på Bygdøy og Skådalen kompetansesenter i Oslo. Felles for alle er at dei fortel ei viktig og spennande utdannings- og arkitekturhistorie.

KD sender no planen vidare til Riksantikvaren for endeleg behandling og forskriftsfreding. Hensikta med landsverneplanane er å gi ei samla oversikt over ei gruppe kulturminne og kulturmiljø innanfor dei enkelte statlege sektorane, sett på bakgrunn av historia til kvar sektor og med det føremålet at dei skal vernast.

Tidlegare har Statsbygg ferdigstilt landsverneplanar for eigedommar som sorterer under Justis- og politidepartementet, og er no i gang med landsverneplanar for Barne- og likestillingsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.