Trollvatn vert regulert med 0,5 meter heving og 0,5 meter senking frå naturleg vasstand. Kraftverket vil nytte eit fall på omlag 303 meter i Trollelva. Vassvegen skal førast i tunnel gjennom ein bergknaus aust for utlaupet frå Trollvatnet. Deretter skal vassvegen leggjast i nedsprengt grøft i ei kløft aust for Trollelva ned fjellsida og vidare nedgraven i lausmassar til kraftstasjonen på kote 3, der vatnet vert ført tilbake til elva. Kraftverket vil få ein installert effekt på 1,4 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 5,7 GWh.
For å sikra ein viss botndyrproduksjon, nok vasstraum gjennom det flatare partiet og av omsyn til elva som landskapselement har NVE fastsett ei minstevassføring frå inntaket på 50 liter i sekundet i perioden 1. juni -30. september og 20 liter i sekundet resten av året.
NVE vurderar utbygginga med fastsett minstevassføring og justert røyrtrasé til å vere akseptabel i høve til ålmenne og private interesser.
Les meir om løyvet til Trollelva kraftverk på www.nve.no
- Nøkkelord
- Arbeidsliv
- Anlegg