Firma | Johs. E. Øvsthus AS |
Fylke | Hordaland |
Søknadsfrist | 10.09.2010 |
For å styrke prosjektavdelinga søkjer me etter:
Prosjektleiar bygg
Me ynskjer ein person som er marknadsorientert, kan forhandle, organisere, kjøpe inn tenester, styre underleverandørar, leie prosjekt, handtere eigne prosjekt og drive bustads- og eigedomsutvikling.
Søkjar bør vere ingeniør eller sivilingeniør i byggfag av bakgrunn, og ha erfaring frå prosjektleiing av totalentreprisar som omfattar både betong- og tømmerarbeid.
Søkjar må ha gode kommunikasjonsevner og evne til å motivere sine medarbeidarar og tilsette.
Rett person vil få ein sentral posisjon i bedrifta.
Me tilbyr:
• konkurransedyktig løn
• bonusordning
• eit dynamisk og godt arbeidsmiljø i eit firma som er i
stadig utvikling
• ein arbeidsplass i den kanskje flottaste bygda i Noreg;
natur-, kultur-, idretts- og ekstrembygda Voss!
Me søkjer me også etter
Tømrarar
Søkjar må ha fagbrev, førarkort og disponere eigen bil.
For meir informasjon kontakt dagleg leiar Sjur H. Rørlien 408 40 821, johs.e@ovsthus.no.
Skriftleg søknad og CV sendast johs.e@ovsthus.no innan 10.september.
Henvis til BYGG.NO i din søknad!
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Johs. E. Øvsthus AS
- Fylke Hordaland