- Regjeringa ønskjer meir effektiv energibruk. Vi følgjer opp Klimaforliket og Klimakur på byggområdet. Det inneber å redusere bruken av elektrisitet og fossile brensel til oppvarming og auke bruken av vassboren varme basert på fornybar energi, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionalministeren fastsette nyleg dei nye krava til energiforsyning i byggteknisk forskrift. Forbod mot oljekjel i nye bygg og strengare krav om å erstatte elektrisitet og fossile brensel med meir fornybar energi i store bygg skal bidra til betre klima og miljø. Unnataket for bruk av naturgass som blei omtala i høyringa blir ikkje innført.
Dei nye krava opnar for visse unnatak. Det gjeld mellom anna der naturforhold gjer det praktisk umuleg å oppfylle krava, eller i bustader med særleg lågt varmebehov. I dag brukar norske bygg 80 tWh i året.
- Eg har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 2040. Meir energieffektive bygg er ein sentral tilråding i ”Klimakur” og ein føresetnad for å betre klimaet og miljøet, seier Navarsete.
”Klimakur” blei lagt fram tidlegarere i år. Rapportane herifrå syner at utfasing av fossilt brensel er eit viktig tiltak for å innfri klimakuttforpliktingane våre. I klimameldinga (St. meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk) blei det varsla at regjeringa ville innføre eit forbod mot å installere oljekjel i nye bygg. Klimaforliket syner at regjeringa og Stortinget er samde på dette punktet.
- Nøkkelord
- Bygg
- Boligbygging