Flyplassane viktige for busetjinga

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa lovar ekstrabevillingar til Avinor.

Flyplassnettverket i Norge vart diskutert i Stortinget tirsdag 10. oktober. Regjeringa har gitt ekstra bevillingar på 150 millioner kroner til Avinor, slik at dei kan opprettholde investeringane i flyplassar.

Tek problema på alvor

- Eit finmaska nett av flyplassar er avgjerande for at folk sjølve skal kunne velja kvar dei vil bu. Det er òg avgjerande for å sikra eit livkraftig næringsliv over heile landet. På grunn av auka passasjertal, nye tryggleikskrav og generelt behov for vedlikehald står Avinor framfor store investeringar. Dersom ikkje nødvendige midlar blir tilførte, er alternativet å avgrensa flytrafikken eller leggja ned flyplassar. Det at Regjeringa no går inn med ein ekstraordinær innsats både i 2009 og i 2010, viser at dette tek vi på alvor. Det handlar om avdragsfridom på lån, det handlar om å la vera å ta utbyte, og i tillegg tilskot. Eg er glad for den breie tilslutninga som denne politikken synest å ha i Stortinget.

- Ei av hovudårsakene til at vi klarer å halda oppe dette nettet med flyplassar som er så viktig for så mange, er etter mitt syn nettopp solidaritetsmodellen, altså ein modell som betyr at lønnsame flyplassar er med på å finansiera ulønnsame, sa Kleppa til Stortinget.

Tøffe krav til Avinor

- Eg er tilfreds med at Framstegspartiet står åleine om å villa erstatta dagens modell, med bevillingar over statsbudsjettet. Sjølv er eg ikkje i tvil om at dersom ein gav solidaritetsmodellen på båten, vil det å halda oppe ei rekkje flyplassar vera meir i fare. For då handlar dette om eit kutt i ein budsjettpost.

- Eg kjem til å vera tøff i høve til å krevja både konsolidering og effektivitet frå Avinor sjølv. Det trur eg er nødvendig. Eg skal òg vera tøff i høve til dei mål som er sette når det gjeld å halda oppe det finmaska flyplassnettet som vi i dag har. Det er ei overordna og svært viktig målsetjing. Dersom det då kan bli oppfatta som godhjerta å koma med forslag à la det som no ligg føre i dag, og det som ligg føre i 2010, så kan eg leva med det, sa Kleppa