Gulating lagmannsrett til Østgaard Arkitekter

Østgaard Arkitekter AS frå Lysaker i Bærum vant den internasjonale plan- og designkonkurransen om nytt bygg for Gulating lagmannsrett i Bergen.

- Dette blir eit harmonisk og vakkert bygg for byen og verdig for domstolen. Det er lagt stor vekt på gode rettssalsløysingar og kontordelen er gjennomarbeidd med stor sans for dei tilsettes funksjon og organiseringa av domstolen, seier Steinar Trovåg, lagmann og medlem av juryen. Juryen framhevar at prosjektet legg ein godt tilpassa sluttstein for bygningane ved Byparken. Bygget skal oppførast i Rådhuskvartalet i Bergen sentrum. - Prosjektet er godt tilpassa den samansette bysituasjonen, og vil også ha ein sterk arkitektonisk eigenverdi. Bygget vil vere ei positiv fornying i det store og vakre byrommet rundt Lille Lungegårdsvann, seier Lyder Braathen i Statsbygg, formann i juryen. På oppdrag frå Domstoladministrasjonen skal Statsbygg gjennomføre prosjektering og bygging. Planlagt nettoareale for Gulating er 2. 800 kvadratmeter pluss ei arealreserve til diverse kontorareal på 320 kvadratmeter. Byggestart blir i begynnelsen av 2005 med innflytting primo 2006. Det var i alt 39 innleverte utkast der 10 av desse kom frå utanlandske arkitektkontor, blant anna frå Italia, Tyskland, England, Danmark og Sverige. Den store interessa frå utlandet viser kor viktig denne konkurransen blir oppfatta i det europeiske arkitektmiljøet, seier Lyder Braathen. Østgård arkitekter har med seg 13.3 Landsskapsarkitekter, Haug og Blom-Bakke AS, Techno Consult AS og Ingeniør Per Rasmussen AS. Forslaget til Linje Arkitekter as og Bergersen Arkitekter AS vart rangert på henhaldsvis 2. og 3. plass i konkurransen