Prisauke på elektrikararbeid

Materialkostnadene til elektrikararbeid steig med 1,2 prosent for einebustader og 0,9 prosent for bustadblokker frå mai til juni i år. Dei totale elektrikarkostnadene auka med respektive 0,5 og 0,3 prosent for einebustader og bustadblokker i same periode, melder SSB.

Dei totale byggjekostnadene for bustader viste inga endring frå mai til juni i år. Materialkostnadene steig med 0,1 prosent i same periode. Byggjekostnadene for bustader auka med 3,1 prosent frå juni 2002 til juni 2003. Materialkostnadene auka med 2,2 prosent i same periode. Kostnadene for røyrleggjararbeid steig mest det siste året med respektive 5,6 og 5,2 prosent for einebustader og bustadblokker. Kostnadene for grunnarbeid har stige minst det siste året, med 0,7 prosent.