Urter til pryd og nytte

Mange av dei planteartane vi arbeider med som krydder , te og medisinalvekster er vakre prydplanter og kan brukast som prydplanter i hagen eller som pynt på serveringsfat og på kaker, skriv bioforsk.no.

 

Biletet viser eksempel på dette med ringblomst (Calendula officinalis) og agurkurt (Borago officinalis) som kakepynt. Men her har vi eit stort utval som t.d. blomkarse, tagetes, stemorsblomst, roser med fleire. Med bakgrunn i prøvingane vi har hatt på Bioforsk Øst Kise på Nes på Hedmark, og dei felta vi har på Bioforsk Øst Apelsvoll på Toten vil vi omtale nokre artar som kan vera interessante.

Solbærsalvie
Solbærsalvie (Salvia grahamii) er ein av svært mange artar innan salvie. Den har små ovale grasgrøne blad og i løpe av juli august kjem raude små blomster. Den har god blomstring om hausten til frosten kjem. Blada luktar sterkt av solbær. Planten må formeirast vegetativt, er å få kjøpt i nokre staudegartneri i Norge.

Etasjeblomst 
Etasjeblomst (Monarda didyma) kjem frå Nord-Amerika og er ein flott staude og mykje brukt som te og legeplante. Vi har hatt fleire artar av Monarda i forsøk, men denne arten er mest aktuell. Ein kan kjøpa frø og laga planter, men det er stor variasjon i plantemateriale. Det er difor best å skaffa planter vegetativt av materiale frå ein staudeplanteskule. Det finst fleire Planteskular som leverar plantemateriale på postorde dersom ein leitar på internett.
Plantene har ein lang blomstringsperiode.

Muskatsalvie
Muskatsalvie (Salvia sclarea) er ein toårig plante. Når den er etablert sår den seg lett. Planten kjem frå Syd-Europa, men er ein hardfør plante. Blada er bittert aromatiske og vart tidlegare nytta for å gi betre smak på vin som ein ikkje var nøgd med. Vinen fekk då ein smak av Muskatdrue, difor namnet. Den eteriske oljen minner om ambra. Den blir kalla salvieolje eller musatellolje og blir brukt i parfyme, kosmetikk og aromaterapi. Den tørka planten kan brukast i potpurrier og som eternell.
Dette er og ein medisinplante, men vi har ikkje dyrking av den som medisinplante i Norge. Men planten er vakker og gjer seg godt som prydplante i hagen. Den blir om lag 90 cm høg. Den har lang blomstringsperiode, frå juni til langt ut på hausten.

Bukkehornskløver
Bukkehornskløver (Trigonella foenum-graecum) er ein eittårig belgplante som kan bli om lag en meter høg. Som ein ser av bilde er frøbelganelikna på bukkehorn. Foenum-graecum betyr gresk høy på latin, og planten er ein kjent fôrplante. På verdensbasis dyrkes planten i stor skala.
Vi i Bioforsk dyrka den på på Nes på Hedemark utan å få særleg vekst i planten. Men vi hadde då sådd i pluggbrett å planta den ut. På Bioforsk Øst Apelsvoll med meir leirinnhald i jorda fekk vi bra vekst sommaren 2008 ved å så den direkte på feltet. Vi dekka feltet med fiberduk ca ein månad frå såing.
Planten er omtala som fangvekst og grøngjødslingsplante under danske tilhøve, men er truleg lite aktuell for norske forhold til dette formålet.
Frøa av planten er svært mykje brukt til medisinske føremål, mange kjenner den frå helsekpstbutikkane. Men frøa blir også brukt som smakstilsetting, kanskje særleg i indisk mat der den er ein viktig del av karry. Både grekarar og romarar brukte planten som mat og medisin. Den blir til dømes brukt i norsk kvitost produsert på gardsmeieri på Hedmark med svært godt resultat. Før planten blir over 20 cm høge kan skudd og blad også brukast rå eller kokt.
På godt drenert og gjerne leirholdig jord på gode vekseplassar er det mogeleg å dyrka denne planten også i Norge.
De næringsrike frøene kan brukes i salater. Før bruk bør frøene ristast og malast for å få fram smaken.

Litteratur
Ljungqvist, K. 2007. Nyttans Växter. Calluna forlag. 590 s. ISBN 978-91-631-9953-0

Olesen, A. 2006. Krydderurter i hagen. Cappelen forlag. 169 s. ISBN-13: 978-82-02-25036-2

Holmegaard, J. 1987. Grøngødning og efterafgrøder. 224 s. ISBN 87-7545-202-2