Mange rekordar i kraftmarknaden i tredje kvartal

Elektrisitetsproduksjonen i Noreg har aldri vore høgare enn i tredje kvartal i år. Den førre rekorden var frå år 2000. Det norske elforbruket var også det høgaste som nokon gong er registrert for den same perioden.

 

Det har heller aldri vore registrert høgare nettoeksport. Samstundes hadde Noreg dei lågaste prisane i Norden i tredje kvartal.

Tilsiget
Tilsiget til norske kraftmagasin var over 49 TWh i tredje kvartal. Det er 12 TWh meir enn vanleg og tilsvarar den årlege straumbruken til norsk industri i perioden. Det er det største berekna tilsiget for tredje kvartal sidan 1938. Dei siste tolv månadene har tilsiget vore 153 TWh, eller om lag 30 prosent meir enn normalt. Tilsiget har aldri tidlegare vore så stort for ein tilsvarande 12-månaders periode viser NVE sin kvartalsrapport for kraftmarknaden.

Rekordhøg kraftproduksjon og -forbruk
Elektrisitetsproduksjonen i Noreg var 33 TWh i tredje kvartal 2007. Dette er den høgaste produksjonen i dette kvartalet nokon gong. Den tidlegare rekorden var på 32,1 TWh frå år 2000. Mykje tilsig og høg magasinfylling ga låg kraftpris, og det norske temperaturkorrigerte elektrisitetsforbruket var 26,3 TWh i tredje kvartal i år. Det er óg det høgaste forbruket nokon gong. Den tidlegare rekorden var på 26,1 TWh frå 2005.

Norsk krafteksport
Den rekordhøge vasskraftproduksjonen førte til 6,9 TWh norsk nettoeksport av elektrisk kraft i tredje kvartal. Det har aldri vore registrert høgare nettoeksport for noko kvartal tidlegare. Dei siste 52 vekene har Noreg hatt 6,1 TWh nettoeksport, og det er om lag som året før. Det har for det meste vore nettoimport av elektrisk kraft i Norden i 2006 og 2007, og det er berre i andre og tredje kvartal i år det har vore nordisk nettoeksport.

Hittil i år har Noreg hatt ein nettoeksport på 10 TWh elektrisk kraft. Om denne eksporten i sin heilskap har erstatta kullkraft, betyr at CO2-utsleppa i Europa er redusert med 8 millionar tonn. Det svarar til om lag 20 prosent av dei samla norske CO2-utsleppa.

Stor nedgang i kraftprisar i Sør-Noreg
Dei hydrologiske forholda har ført til at Noreg har hatt dei lågaste prisane i Norden i tredje kvartal. Aller lågast har prisen vore i Sør-Noreg - i snitt i underkant av 10 øre/kWh. Det er 81 prosent lågare pris enn i same kvartal i fjor og 46 prosent lågare enn i andre kvartal.

I resten av Noreg, det vil seie Midt- og Nord-Noreg har snittprisen vore 19,5 øre/kWh. Det er 60 prosent lågare enn i same periode i fjor, medan prisane har auka med tre prosent frå andre kvartal.