Kraftverka vil gje ein samla årleg produksjon på om lag 12 GWh som svarar til straumbruken til rundt 600 husstandar.
Begge kraftverka utnyttar i hovudsak fallstrekninga ovanfor industriområdet på Kaupanger, men Kaupanger 4 er lokalisert ved kommunen sitt vassforsyningsanlegg på Vangestad. Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 390 m og fråføre vatn på ei om lag 3,6 km lang elvestrekning i eit skog- og utmarksområde.
Av omsyn til naturen er det sett vilkår om at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 50 l/s i perioden 1. mai - 30. september og 25 l/s i vinterhalvåret. Inngrep vil i hovudsak omfatte inntaksdam, rørgate og kraftstasjon. NVE vurderer utbygginga saman med dei avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.
Meir om kraftverka på www.nve.no