Klart for opning av ny fylkesveg i Tysvær

Måndag 5. november opnar fv. 776 Troppene-Sandvik i Tysvær kommune. Tidlegare ordførar i kommunen, Reidar Pedersen, står for den offisielle opninga, som skjer nær brua ved Storevatnet.

Fylkesveg 776 Troppene-Sandvik betrar trafikkavviklinga og reduserer miljø- og støyproblem som følgje av tungtrafikken rundt og ved tettstaden Tysværvåg.

Den nye vegen er tre kilometer lang. Han tek av frå fv. 780 ved idrettsanlegget på Troppene, går på nordsida av Opeskardtjørna og Storavatnet, over Bakkavika i fylling/bru og vert knytt til tidlegare fv. 776 til Hervik ved Sandvik.

I samband med bygginga av den nye vegen er det også gjort ei utbetring av eksisterande fv. 776 mellom Sandvik og Hervik.

Fylkesveg 776 Troppene-Sandvik er fullt og heilt finansiert med fylkeskommunale midlar. Prognosen for sluttkostnaden er 33 millionar kroner. Utbetringa av strekninga Sandvik- Hervik har kosta 7 millionar kroner.

Statens vegvesen Region vest er byggherre for prosjektet. Vassbakk og Stol AS har vore hovudentreprenør. Arbeidet deira med å bygge vegen byrja i august 2006.