Vogntog på ville vegar

To nederlandske vogntog har køyrt seg fast på kommunevegen opp til Vaksvikfjellet i Ørskog, skriv NRK på sine heimesider.

Sjåførane er truleg blitt lurte av satellittnavigasjonssystemet i bilane til å ta kommunevegen over Vaksvikfjellet mellom Vaksvika og Tresfjorden. Vogntoga står mellom dei øvste gardane i Vaksvika og Sportskapellet. Det er svært smalt og glatt der, og dei må ha hjelp av bergingsbil til å komme seg ned att på riksvegen. Det er uråd å snu der dei står. Politiet vil førebels ikkje prioritere å hjelpe dei nederlandska vogntoga. Vegen over fjellet mellom Vaksvika og Tresfjorden er ein vinterstengd kommuneveg, som ikkje er bygd for tungtrafikk.