Firma | Norconsult |
Fylke | Vestland |
Sted | Voss |
Søknadsfrist | 20.04.2020 |
Norconsult Hardanger og Voss søkjer avdelingsleiar til vår avdeling på Voss.
Vår avdeling på Voss er ei tverrfagleg avdeling med hovudvekt innanfor faga; arkitektur, plan, geo-fag, vatn/avløp, VVS og akustikk.
Samarbeid på tvers av fagområde og mellom kontor, avdelingar og grupper internt i Norconsult vil vere ein vesentleg del av kvardagen. Stillinga inngår i Norconsult Hardanger og Voss si leiargruppe og rapporterer til kontorleiar.
Arbeidsoppgåver:
- Strategi- og forretningsutvikling. Bidra i kontoret si leiargruppe
- Bidra til vidare oppbygging og utvikling av avdelinga
- Budsjett og resultatansvar for avdelinga
- Kunde- og marknadskontakt
- Tilbodsarbeid og tilbodsleiing
- Personalansvar. Utvikle og ta vare på medarbeidarane, både med omsyn til kompetanse og kapasitet
- Ressursstyring og rekruttering
- Oppdragsleiing, fag- og disiplinansvar i oppdrag
- Planlegging og prosjektering innanfor ditt fagområde
For oss er det viktig at du:
- Har relevant teknisk utdanning, gjerne innan eit av fagområda for avdelinga
- Har erfaring frå fagleg arbeid i prosjekt
- Har leiarerfaring frå personalleiing eller prosjektleiing, frå tidlegare arbeidsforhold, eller eit sterkt ynskje om å utvikle deg i ei leiarrolle
- Har omsorg for medarbeidarar
- Er flink til å formulere deg både muntleg og skriftleg
- Er sjølvgåande, strukturert og likar å ta initiativ
- Er motiverande, tillitsskapande og nytenkjande
- Har gode kommunikasjonsevner, er løysingsorientert og er ein lagbyggjar
- Er ein ærleg rollemodell som etterlever bedriftskulturen vår i ord og handling
- Er marknadsorientert, og har godt kontaktnett med kundar
Som avdelingsleiar får du:
- Leie ei fantastisk gruppe med dyktige fagfolk
- Verta ein del av ein sterk bedriftskultur prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
- Delta i interne leiarutviklingsprogram/leiarforum
Innsending av søknad
Kan dette vere interessant for deg?
Ta gjerne kontakt med kontorleiar Endre Lægreid, tlf: 957 58 806, for nærmare informasjon.
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Norconsult, Voss
- Fylke Vestland