Erfaringar frå kjedekollisjon i Lærdal skal inn i arbeidet med nye driftskontraktar

– Vi tek med oss mykje læring frå slike hendingar, og vi vil halde fram med å ta stikkprøver og bygge kunnskap om drift av vintervegane våre, seier avdelingsdirektør Svenn Finden.

Onsdag kom Havarikommisjonen sin rapport frå ulukka i Lærdal i april i fjor, der tre vogntog, ein lastebil og ein varebil var involvert i ein kjedekollisjon.

- Det var mange uheldige omstende som slo inn på same tid denne aprilnatta. Driftsentreprenøren utførte førebyggande salting på tørr asfalt kvelden før. Når det så kom nedbør, kombinert med temperaturfall vart vegen svært glatt, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

- Vêrstasjonane som er representative for dette området meldte ikkje om noko urovekkande. Det er vanskeleg å føresjå korleis slike lokale vêromslag vil spele inn på veggrepet, seier Svenn Finden.

- Statens vegvesen gjer jamlege stikkprøver på drift- og vedlikehaldskontraktane vi har med entreprenørane våre, først og fremst på strekningar som er definerte som problemområde. Dette er område der vi er kjent med at det er utfordringar knytt til vêromslag. E16 forbi Jutlamannen i Lærdal var ikkje rekna som eitt av desse, skriv etaten.

- Men når ulukka får eit slikt omfang, er det heilt tydeleg at her har vegen vore for glatt og at driftstiltaka har svikta, understrekar avdelingsleiaren.

Vegvesenet har samla og systematisert informasjon etter ulukka, og denne hendinga vil vere utgangspunkt for læring både i denne og andre driftskontraktar.

Tilrådingane som Havarikommisjonen kjem med i sin rapport, mellom anna å sjå på akkreditering av entreprenørane gjennom ein tredjepartskontroll, vil bli med i prosjektet «Vinterdrift 2018-2019» og i arbeidet med ny kontraktsstrategi som startar i år, og held fram i 2020