Ill. Statens vegvesen

E16 og Vossebanen Arna–Stanghelle: Felles rømmingssystem legg premiss for utbygginga

På strekninga Arna-Stanghelle skal vi spare store kostnadar ved å etablere eit felles rømmingssystem mellom veg- og jernbanetunnelane på strekninga. Dette legg nokre viktige premiss for prosjektet.

- Skal vi få til dette må vegen og jernbanen ligge mest mogleg parallelt både horisontalt og i høgda. Aust for Trengereid er både veg og bane heilt avhengig av kvarandre for å få eit godkjend rømmingssystem. Det betyr at vegen og jernbanen må byggast og opnast på same tid, seier vegplanleggar Olav Lofthus til vegvesen.no.

Han seier vidare at den nye traseen for jernbane ikkje har kontakt med dagens jernbane på strekninga, men berre i endepunkta. Ein premiss i prosjektet er dermed også at heile jernbanestrekninga mellom Arna og Stanghelle må byggjast på ein gong. 

- Oppsummert betyr dette at det ikkje er mogleg å starte vegbygging aust for Trengereid utan jernbane, og motsett, seier han.

Vest for Trengereid mot Arna, er jernbanetunnelen avhengig av rømming til vegtunnelen. Vegtunnelen her har to tunnelløp og dermed kan ein få til intern rømming mellom løpa.

- Det er årsaka til at det kan vere mogleg å bygge vegtunnel Arna-Trengereid først dersom det er ønskjeleg, seier Lofthus.