Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 01.03.2018 |
Dei neste 20 åra skal Miljøløftet investera for vel 29 milliardar i transport og arealutvikling i Bergen. Formålet er å gjere Bergen til ein grønare og meir attraktiv by. Med Miljøløftet vil bergensarane få reinare luft å puste i, kortare bilkøar, mindre trafikkstøy og lavare klimautslepp. Bergensarane kan mellom anna gleda seg over: utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane, betre tilbod for buss, sykkel og gåande og betre og tryggare vegar.
Miljøløftet er eit samarbeid mellom staten, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune, og omfattar både byvekstavtalen og ny bypakke for Bergen. Styringsgruppa for Miljøløftet er sett saman av fylkesordførar i Hordaland, byråd for byutvikling i Bergen, fylkesmannen, jernbanedirektøren og vegdirektøren.
Oppgåver og ansvar
Du leier og vidareutviklar eit sekretariat tilpassa styringsgruppa sitt behov for eit felles apparat for gjennomføring av Miljøløftet, og du vil ha det daglege ansvaret for oppfølging av dei andre tilsette i sekretariatet. Arbeidsoppgåvene vil avhenge av styringsgruppa sine prioriteringar og vil typisk omfatte:
- Saksførebuing for styringsgruppa
- Dagleg drift av Miljøløftet
- Leie arbeidet med årleg rullering av handlingsprogram
- Bestille og følgje opp utgreiingar og fagnotat nødvendig for styringsgruppa sitt arbeid
- Følgje opp og rapportere ressursbruk og måloppnåelse
- Foreslå og sette i drift styringsprinsipp og -verktøy
- Informasjonsarbeid retta mot interne og eksterne interessentar og deltaking i relevante nettverk på vegne av Miljøløftet
- Risikostyring
Leiar av sekretariatet rapporterer direkte til styringsgruppa. Stillinga er knytt til Statens vegvesen Region vest, men tilsettinga skjer etter innstilling frå styringsgruppa.
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter deg som har høgare utdanning, min. 5 år og erfaring frå prosjektleiing og prosesstyring.
Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til prosjektstyrings- og leiarkompetanse og samarbeid med administrative og politiske organ på alle nivå.
Du bør ha god kunnskap om administrative og politiske prosessar generelt og erfaring frå samfunns- og transportplanlegging spesielt.
Som leiar er det viktig at du kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og viser handlekraft gjennom fagleg styrke.
Du er analytisk, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre. Det er eit pluss om du også er flink til å skape eit godt arbeidsmiljø.
Gode kommunikasjonsevner og høg grad av integritet og objektivitet er viktig for denne leiaroppgåva.
Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktinformasjon
Om du ønskjer nærare informasjon om stillinga, kan følgjande kontaktast:
Regionvegsjef, Statens vegvesen, Helge Eidsnes, tlf. 958 94 100
Fylkesrådmann Rune Haugsdal, tlf. 945 00 337
Kommunaldirektør for Byrådsavdeling for byutvikling, Ann Iren Fagerbakke, tlf. 958 49 540
Her kan du lesa meir om Miljøløftet :
http://miljøløftet.no/
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen
- Fylke Hordaland