Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Leikanger |
Søknadsfrist | 18.02.2018 |
I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggeleiar for vegoppmerking i Sogn og Fjordane. Vi søker ein sjølvstendig og strukturert person, gjerne med erfaring frå liknande arbeid.
Stillinga er f.t knytt til vegseksjon Sogn og inngår i byggherrepoolen i regionen. Kontorstad er fortrinnsvis på Leikanger. Vegseksjonen har også ansvar for fleire drift - og investeringsprosjekt i Sogn.
Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:
- ta del i prosjekteringsarbeid og utarbeide konkurransegrunnlag for vegoppmerking
- ta ansvar for anbodsprosess
- oppgåver innan helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)
- rapportere og følgje opp kvalitet, framdrift og økonomi
- følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid og utføre stikkprøvar på kvalitet
- avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak
Kvalifikasjonskrav:
Det vert kravd utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande. For kandidatar med teknisk fagskule og sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjarar må ha førarkort for bil (klasse B).
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
Vi legg vekt på:
- erfaring frå liknande arbeid
- kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- at du er sjølvstendig, beslutningsdyktig, målretta og jobbar strukturert
- gode samarbeidsevner, og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
- fleksibilitet til arbeidsoppgåver
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi tilbyr også desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskular og gode høve for fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktperson:
Meir utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Eivind Yttri på tlf. 908 30 854.
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Leikanger
- Fylke Sogn og Fjordane