Tussa kastar ut Tafjord og Ålesund

Generalforsamling i Tussa kraft kjøper ut Tafjord kraft og Ålesund kommune. Men Ålesund og Tafjord protesterer, skriv NRK på sine heimesider.

Tussa kraft, med hovudkontor i Ørsta, kjempar for å halde fram som sjølvstendig selskap. Konkurrenten Tafjord kraft og bykommunen Ålesund har hatt store aksjepostar i Tussa. Dette har Tussa sett på som ein trussel mot den vedtekne sjølvstende-lina i selskapet. Rettsak I går gjekk styret i Tussa inn for å setje i verk millionhandelen, og i dag er oppkjøpet godkjendt av generalforsamlinga. Tussa meiner dei har rett til å kjøpe aksjane til Tafjord Kraft og Ålesund kommune i følgje ein tre år gamal avtale. Både kommunen og Tafjord Kraft har motsett seg oppkjøpet, og ordførar Arve Tonning i Ålesund varslar at dei vil gå til sak mot Tussa. Sjølvstende - Tussa har valgt ei sjølvstendelinje, der det er kommunane på Søre Sunnmøre som skal eige selskapet seier styreleiar Svein Gjelseth. Årsaka til at Tussa vil bruke 323 millionar kroner til å kjøpe aksjar i eige selskap, er at dei at dei ikkje vil at Ålesund og Tafjord skal kjøpe seg opp i selskapet. Aksjekamp Det har vore ein knallhard kamp for Ålesund og Tafjord å få halde på eigarskapen i Tussa Kraft. Aksjane har gitt titals millionar av kroner i utbyte, og er svært lukrative. I 2004 betale selskpet ut 36 millionar kroner i utbyte til eigarane. Ålesund kommune og Tafjord Kraft snappa aksjane som Fylkeskommunen selde i 2002. Men Tussa gokjende aldri overtkinga. I i eit rettsforlik innggjekk partane ein avtale som skulle sikre at Ålesund og Tafjord Kraft skulle få lov til å selge aksjene til ein strategisk samarbeidspartner til Tussa. - Det er ikkje det som har sjedd no, sier ordførar i Ålesund, Arve Tonning. Juridisk vurdering Ålesund kommune og Tafjord kraft vart i går orienterte om at Tussa vil kjøpe tilbake aksjane deira i selskapet. Tafjord kraft og Ålesund kommune var i går kveld i møte med ein advokat for å finne ut om vedtaket til styret i Tussa held mål juridisk. Dei vil ikkje selje aksjane utan kamp.