Firma | Norconsult |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Førde |
Søknadsfrist | 30.07.2017 |
Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan areal- og byplanlegging, veg- og trafikkplanlegging, landskapsarkitektur, industri/maskin (prosess), kraftverk, VVA (veg, vatn, avløp), brannteknikk, byggje- og anleggsteknikk, VVS, elektro, landmåling, byggjeleiing og prosjektadministrasjon. Vi har i dag over 40 medarbeidarar i Sogn og Fjordane.
Vi søkjer etter dyktige sivilingeniørar og ingeniørar minst 5-10 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Vårt miljø innan Elektroteknikk utgjer i dag omlag 200 Sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg.
Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit elektromiljø i vekst. Spennande oppgåver ligg framfor oss, særleg knytt til Norconsult sitt store oppdrag med å prosjektering av nye Førde sentralsjukehus. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø.
Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.
Aktuelle arbeidsoppgåver kan være:
- Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar i bygg og anlegg, eventuelt infrastruktur anlegg
- Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg
- Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
- Utarbeide anbodsdokument og kostnadsoverslag
- Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
- Bidra innan marknadsføring og sal
Ønska kvalifikasjonar:
- Universitets- eller høgskuleutdanning
- Helst nokre års erfaring frå rådgjevande- eller entreprenørverksemd
- Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss
- Flink til å formulere deg munnleg og skriftleg
- Engasjert og analytisk
- Kreativ og løysingsorientert
- Gode evner og interesse for fagområdet
- Utadvendt og omgjengeleg, likar å arbeide i team
- Noko erfaring med modellering og berekning med moderne 3D programvare og bruk av open BIM
Vi tilbyr:
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Spennande prosjekt i eit tverrfagleg miljø
- Store faglege utfordringar med mogligheit til å utvikle deg vidare saman med dyktige medarbeidarar
- Tverrfaglig miljø med samarbeid innan fleire ulike fag-kategoriar
- Miljøbevisst samfunnsplanlegging
- Godt arbeidsmiljø og eit godt sosialt miljø
- Eigarskap i eigen bedrift
- Fokus på kompetanse- og personalutvikling
- Studieturar, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv
Stillinga vil vere utviklande og utfordrande for den rette person. Innanfor fagområde er det i dag utstrakt fagleg samarbeid på tvers av kontora. Norconsult har både regionale og landsdekkande faglege nettverk som du vil bli ein del av.
Innsending av søknad
Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
Kontaktperson
Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Førde
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Norconsult, Førde
- Fylke Sogn og Fjordane